Festival i heile landet heile året
Fredag kveld opna kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery Vossa Jazz. Festivalen er ein av 182 festivalar som får tilskot frå Kulturrådet. Slik blir det festivaltid ein eller annan plass i Noreg så å seie heile tida.
- Eg er nøgd med at vi har klart å fordele 184,2 millionar kroner til eit mangfald av festivalar i heile landet. Det er gledeleg at alle sjangrar er med og at det er rom for både nye festivalar og til å styrkje dei eksisterande, seier leiar av Kulturrådets fagutval for musikkfestivaler, Ivar Chelsom Vogt.
Det er Kulturrådet som avgjer kva for festivalar som skal få tilskot, medan det er Stortinget løyver midla etter forslag frå regjeringa.
- Det er så mange bra festivalar i dette landet! I regjeringa fører vi ein kulturpolitikk som skal bidra sterkt til at publikum kan oppleve ein enorm rikdom og variasjon. Eg er stolt over at det kvart år er om lag 400 musikkfestivalar i Noreg, og nesten halvparten av dei får tilskot frå Kulturrådet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Prioriterer fleire nye festivaler
Kulturrådets fagutval for musikkfestivaler har ved tildelinga vore særleg opptatt av å styrkje mangfald, urfolksperspektiv og berekraft gjennom festivalar som til dømes Riddu Riđđu, Transform – Trondheim World Festival, Oslo World og Vinjerock.
Fleire nye festivalar er prioritert i ordninga for 2024. Musikkfestival under Finnskogutstillinga i Innlandet, Vestafor og Winter of Soul Festival i Vestland, Oslo African Pilgrimage og AKKSept i Oslo er alle nye av året.
Så mange som 52 av festivalane får tilskot både for 2024 og 2025. Nokre får også allereie no for 2026. Slik kan arrangørane og publikum vite at det blir festival også framover, sjølv om det er økonomisk usikre tider.
Det er prioritert fem festivalar særleg retta mot barn og unge; Rabalderfestivalen i Tromsø, Rabalderfestivalen i Molde, Juba Juba i Trondheim, Røros barnefestival og Miniøya i Oslo.
Om Vossa Jazz
Vossa Jazz har ei lang historie og eit solid omdømme i Jazz-Noreg bygd på brennande engasjement og innsatsvilje hos arrangørar og frivillige. Tingingsverket på Voss har vorte noko heilt unikt etter at festivalen har presentert over 40 slike tingingsverk.
Festivalen er eit godt døme på samspelet mellom fleire - Kulturrådet, fylkeskommune, kommune, lokale aktørar og frivillige.