650 søknader til Kulturrådets skulebibliotekordning
– Viss Stortinget vil, kan dei gi 200 000 elevar gode og oppdaterte boksamlingar, seier leiar i Kulturrådet, Sigmund Løvåsen.
Regjeringa har foreslått å styrkja ordninga med fem millionar kroner, langt mindre enn dei 18 millionane Kulturrådet har bede om.
– Den foreslåtte auken gjer at me kan nå ut til opp mot 380 skulebibliotek, men framleis vil mange skuleelevar stå utan tilgang til eit godt utval nye bøker. Skal regjeringa nå måla med den nye leselyststrategien sin må denne ordninga utvidast ytterlegare, seier Løvåsen.
650 skulebibliotek frå heile landet har no søkt om å komma inn på Kulturrådets skulebiblitoekordning.
– Det er urovekkjande store forskjellar mellom skulebiblioteka i Noreg. Barns møte med litteratur kan ikkje vera avhengig av kva slags bokhyller dei har heime eller av kommunane sin eigen økonomi. Det mest effektive Stortinget kan gjera er å styrkja eksisterande ordningar som me veit fungerer, seier Løvåsen.
Dei siste fire åra har 200 norske skulebibliotek fått tilsendt meir enn 130 titlar årleg med barn og unge som målgruppe. Bøkene kjem frå Kulturrådets ordinære innkjøpsordningar for skjønnlitteratur, sakprosa og teikneseriar, og skulebiblioteka forpliktar seg til ein formidlingsplan for dei nye bøkene. Ein auke på 18 millionar kroner ville gjort det mogleg å inkludera alle skulane som no har søkt, i tillegg til også å inkludera omsett litteratur.
Auka leselyst og større mangfald
– Ordninga har vore ein stor suksess, seier Løvåsen. – Vår eigen gjennomgang viser at fleire elevar låner bøker, og at elevane bruker meir tid på å lesa enn før. Kulturrådet har no vedteke å gjera ordninga permanent, men dersom me skal femna fleire elevar og gi dei eit større utval bøker treng me hjelp frå Stortinget.
I Kulturrådets eigen gjennomgang av ordninga svarer 97 prosent av skulebiblioteka at ordninga har ført til auka leselyst eller høgare utlån. Nesten 90 prosent seier at elevane låner eit større mangfald av bøker.
SV har i sitt alternative budsjett foreslått ein betydeleg auke til skulebibliotekordninga.