180 musikarar, artistar, ensemble og band får tilskot frå Kulturrådet
Eyolf Dale Trio, Nynorsk Messingkvintet og Erlend Viken Trio er blant dei som får tilskot gjennom ordninga for turné- og verksemdstilskot. Til saman er 75 millionar kroner delt ut.
- Søkjarane som har fått tilskot, er blant dei fremste musikarane i landet, artistar, ensemble og band. Fleire av dei er spydspissar innan norsk musikkliv. Det har vore ein imponerande søknadsrunde, seier Gro Bergrabb, leiar i Kulturrådets musikkutval for turné- og verksemdstilskot.
Hardare konkurranse om tilskotsmidlar
Talet på søknader til turné- og verksemdsordninga har auka med 70 prosent dei siste fem åra, utan at dei økonomiske rammene av ordninga har auka tilsvarande. Musikkutvalet for turné- og verksemdstilskot har derfor måtta gjera mange tøffe prioriteringar i tildelingane.
– Me ser at stadig fleire har eit stort behov for tilskotsmidlar, mellom anna på grunn av auka prisar generelt i samfunnet, og dessutan endringar i arrangørmarknaden og publikumsmønsteret spesielt. Det er veldig trist å måtta avslå så mange, men det er rett og slett ikkje nok pengar til å støtta alle dei gode prosjekta og planane om meir konsertverksemd over heile landet, seier Bergrabb.
I tillegg til at mange gode prosjekt har vorte avslått, har fleire søkjarar fått lågare tilskot enn dei søkte om, og fleire som tidlegare har fått tilskot, har fått avslag eller varsel om at dei ikkje lenger kan forventa føreseielegheit for tilskot.
Ein aukande del konsertar går føre seg i utlandet
Musikere og artistar i Noreg har ein stor del av marknaden sin utanlands, og vel 30 prosent av konsertane i søknadene og tildelingane går føre seg i utlandet.
– Me ser at musikarar og artistar i Noreg dei siste åra har auka talet på utanlandskonsertar, noko som er veldig positivt. Samtidig er me framleis eit stykke unna nivået me hadde før pandemien, då andelen var rundt 40 prosent, understrekar Bergrabb.
Tilskot frå ordninga er heilt sentralt for å realisera konsertpotensialet til mange musikarar og artistar, både i Noreg og i utlandet. Kulturrådet legg likevel størst vekt på konsertar i Noreg i den samla vurderinga.
Om tilskotsordninga
Tilskotsordninga for turné- og verksemdstilskot er open for alle sjangrar. Det vart gitt tilskot til eit breitt spekter av konsertar og produksjonar, frå lokale og regionale til internasjonale og globale turnear og karrierar. Totalt vart 404 søknader behandla, og det vart gitt tilskot til over 3000 konsertar.