Korleis Agatunet arbeidar med auka tilgjenge
Les hva Agatunet, Hardanger og Voss museum selv skriver om sitt eget arbeid for økt tilgjengelighet
Agatunet er eit verdifullt kulturminne som diverre har dårleg tilgjenge, noko me har sterkt ynskje om og fokus på å utbetra. For å arbeida godt og effektivt med dette, er det trong for brei forankring i organisasjonen. Dette inneber auka bevisstgjering og meir kompetanse i alle ledd. Utfordringane hjå oss er mange. Tunet består av 30 bygningar som alle er freda. Arbeid med auka tilgjenge må gjerast i tråd med strenge verneomsyn, og difor med varsamheit og kreativitet.
Me ynskjer å arbeida systematisk og grundig, med kvalifisert rettleiing. Med bakgrunn i dette har me starta med kompetanseutvikling og kartlegging. Me arrangerte i haust eit seminar med tema universell utforming og tilgjenge i freda og verna bygningar. Til seminaret inviterte me alle avdelingar i vårt eige konsoliderte museum, saman med andre institusjonar som forvaltar slike kulturminne i heile vår region. Over to dagar høyrde og lærte me frå fagekspertise innan UU, vernemyndigheiter, kommune, arkitektbransje, museumssektor, Statsbygg, og ikkje minst brukarrepresentantar. Me gjorde kollektive kartleggingsøvingar.
Vidare arbeider me med ein større kartleggingsrapport for Agatunet. Denne skal innehalda tiltaksforslag inndelt i ei nivåtrapp, samt tydelege prioriteringar. Arbeidet med rapporten skjer med rådgjevning frå fagekspertise på UU. Ulike fagområde i museet er inviterte til ein workshop i samband med kartlegginga, og me arbeider med å få på plass ei brukargruppe som kan vera deltakande i prosessen.
Me har vidare tinga kartlegging av heimesida, og kursing i UU av IKT og sosiale media. Å vera universelt utforma på digitale flater er på mange måtar det som er lettast å nå. Me arbeider med alternative formidlingsmodellar, som 360-foto og 3D, i bygningar der fysiske tilretteleggingar ikkje er moglege, i tillegg til å finna hjelpemidlar som kan gjera opplevingar meir inkluderande. Korleis me nyttar lokala, utviklar nye utstillingar, utviklar undervisningsopplegg og liknande, skal gjerast slik at det vert mest mogeleg tilgjengeleg for alle.
Økonomi og ressursar er sjølvsagt ei utfordring, men auka kunnskap, brei involvering og bevisste tiltaksprioriteringar vil gjera vegen lettare å gå.