Sakprosa for voksne 2019
Rapport frå vurderingsutvalet for sakprosa utgivelsesåret 2019.
Trendar og tendensar
Store endringar i trender og tendenser i påmeldte og innkjøpte titlar har ikkje skjedd. På mange måtar er 2019-bildet om lag som i rapporten for 2018, men enkelte drag er likevel verdt å dra fram.
Historie er framleis den største bokgruppa blant dei påmelde, og talet på bøker om andre verdskrigen held seg overraskande høgt med 5% av totalt vurderte titlar. Kvaliteten er ujamn og innkjøpsprosenten i historiegruppa ligg noko under gjennomsnittet.
Biografisjangeren heldt seg også i toppen av sjangergruppene. I 2019 var politiske biografiar i klart fleirtal med litterære biografiar og forskarbiografiar på dei neste plassane. Eksperimentering eller sjangerutvikling ser vi lite av i biografifeltet, men den faglege kvaliteten er jamt over høg og innkjøpsprosenten på biografidelen ligg litt over gjennomsnittet av totalinnkjøp.
"Liv og død" kan vera samletema for den nest største bokgruppa. Utvalet fekk også i 2019 mange bøker om livsmeistring, sjukdom og andre sterke livsopplevingar, psykolog- og terapierfaringar, og sjølvmord i nær familie til vurdering. Svært mange av desse er erfaringsbaserte eg-forteljingar som etter utvalets meining krev etiske vurderingar i tillegg til dei sidene ved utgjevinga som retningslinene elles legg vekt på. (Sjå nedanfor)
Som i 2018 er talet på debattbøker i positiv vekst og dei reiste i 2019 eit vidt spekter av spørsmål rundt bustadbygging og bustadpolitikk, New Public Management, privatskulelova, sædkvaliteten hos norske menn, livet på NAV og innvandringsspørsmål. Eit originalt og tankeomkastande døme er Guro Sibekos Rasismens poetikk, utgjeven på eige forlag. At eg-perspektivet kan brukast til å vekkja debatt er også Mimir Kristjánssons Mamma er trygda eit prov på.
Eit trekk ved debattutgjevingane som er påfallande endra frå dei næraste åra, er at klima- og naturmiljøtema har vore bortimot fråverande i 2019 både blant debattbøkene og naturvitskapsformidlinga.
Elles held trenden med god og vital naturvitskapeleg forskingsformidling for allmennlesaren fram, og framleis kjem bøker inspirert av den tyske medisinaren Giulia Enders 2014-bok (som på norsk fekk tittelen Sjarmen med tarmen) og den norske Hjernen er stjernen av Kaja Nordhagen. I 2019 behandla utvalet to nye bøker om hjernen og vi las om overgangsalderen i bok nummer to på to år. Enkelte trøttheitsteikn kan nok sporast i denne trenden, men bevegar ein seg ut frå menneskekroppen, byr også 2019-sakprosaen på ypperlege døme på forskingsformilding som Mørke av Sigri Sandberg og Periodesystemet av Annette Lyknes og Unni Eikeset. Begge desse bøkene er eksempel på at det ikkje trengst rim i tittelen for at vi skal forstå kva boka handlar om.
Av sjangrar som synest å vera i ny utvikling, kan nemnast reise- og vandringsreportasjesjangeren. Spennande døme er den erfarne reiseforfattaren B. MiRee Abrahamsens Sjamanen i stjerneregn, og dei debuterande reiseforfattarane Alexander Leborg med På vandring uten esel i Chevannene (i fotspora etter Robert Louis Stevenson) og Nazneen Khan-Østrem som med breide kunnskapar og erfaring viser lesaren overraskande sider ved London.
Reine essay fekk vi i år 13 titlar av, og innkjøpsprosenten i sjangeren er høg. Det er ei fryd å få inn dristige utprøvande tekstar som Thure Erik Lunds Romutvidelser og essayistisk innsirkling av tema i debatt og naturvitskap slik vi har sett det i Sibekos Rasismens poetikk og Sigri Sandbergs Mørke.
70 prosent av dei vurderte titlane får avslag og generelt kan ei seia at hovudårsaka er at tenking, skriving og forlagsarbeid har vore dårleg. Research og problemstilling er hastverksarbeid, framstillinga er unyansert og overflatisk, teksten er for lite arbeidd med slik at språket er monotont, flyt tregt og til og med kan vera uklart. Her må det også seiast at vi som eit hovudinntrykk ser tydeleg skilnad på bøker skrivne av profesjonelle skrivarar – forfattarar, journalistar, formidlingssterke fagfolk – og bøker av amatørar. Vi ser også skilnad på større, profesjonelle og godt bestykka forlag, og små som ikkje har same redaksjons- og kvalitetssikringskompetanse. MEN vi har også kjøpt inn bøker skrivne av amatørar, som biografien om Christopher Hornsrud – skriven av lektor og lokalpolitikar Nils Henning Hontvedt og utgitt på det vesle Svein Sandnes Bokforlag.
Av sjangrar med spesielt låg innkjøpsgrad må nemnast bøker om kunst og om musikk. Kunstbøker har vist seg å vera ein vanskeleg sjanger sidan mange av dei ber tydeleg preg av festskrift eller er knytte til eit jubileum, noko som i dei aller fleste tilfelle vil føre til formell avvising. Andre kunstbøker har preg av katalogar, eller dei kjem i samband med utstillingar – noko som i seg sjølv ikkje er noko hinder for innkjøp. Når dei likevel oftast blir avslått kjem det av at teksten i boka er omgitt av mindre omsorg for kvalitet enn billedattgjevingane. Å skriva interessant, nyskapande, utforskande tekst om biletkunst for allmennlesaren synest vanskeleg for norske kunsthistorikarar for tida. Eg vil likevel framheva to framifrå eksempel på kunstbøker som vender seg til eit meir allment publikum, som overraskar og vekker interesse: Jorunn Veitebergs Hold stenhårdt fast på greia di. Kunst og feminisme i Norge 1968-1989. og Kjetil Røeds Kunsten og livet. En bruksanvisning. Begge klare innkjøp.
Også på musikkfronten blir tilnærminga for ofte innovervend, forfattarane skriv for ofte for fansen, av og til i bortimot "leksikalsk" form. Ypperleg unnatak i 2019 er Sondre Lerches Alle sanger handler om deg som er ei original tekstsamling med ei tydeleg, inviterande personleg stemme.
Ein del av bøkene som får avslag er ikkje gode, men ein heil del av dei avslåtte, er gode nok bøker, dei er berre ikkje blant dei 30 prosent beste og får avslag fordi budsjettrammene ikkje gjev rom for innkjøp. Det utslagsgjevande i prioriteringsrundane er ikkje eitt trekk, men ei avveging mellom fleire av kriteria utvalet skal vektleggja. Det er ikkje sjeldan at mangelfullt forlagsarbeid avgjer: Korrekturslurv, faktafeil, dårleg disponering og dramaturgi, til dømes med opningar som gjer at lesaren slit med å komma inn i bokas tema, stil, sjanger. Det kan også vera at utvalet legg vekt på om det er kjøpt inn ei eller fleire bøker tidlegare i året eller føregåande år med omlag same tema og tilnærming.
Når det gjeld formelt avviste titlar er talet kraftig redusert frå 42 i 2018 til 18 i 2019. Utvalet tolkar dette som teikn på at dei tydelegare grunngjevingane for formelle avslag har hatt ein pedagogisk effekt.
Av bøker som har skapt mest diskusjon i utvalet, må her nemnast ein sjanger som vi har sett frå 2018 av og som vi har gjeve særleg merksemd i 2019: Det gjeld utgjevingar som er crossover mellom personleg essay og rettleiingslitteratur. Den personlege eg-tilnærminga har gjerne essayistisk form, medan innhaldet er erfaringsformidling i grenselandet til instruksjon. Sidan innkjøpsordninga verken omfattar hobbybøker, handbøker, "eller andre former for bruksprosa" sette utvalet av tid til å drøfta korleis vi skal dra grensene for formell avvising i dette landskapet. Konklusjonen blei at vi ved tvil om sjanger behandlar søknaden på vanleg måte og vektlegg tekstkvalitet og våre andre kvalitetskriterier i vurderinga.
Ordningas rammer og innretning
Innkjøpsutvalet har sett på om retningslinene er fruktbare og omfattar det vi meiner må leggjast vekt på. Det vi ønskjer endra gjeld særleg "Liv og død"-bøker der vi for ofte ser at etikken burde vore betre. Dette gjeld særleg bøker som omhandlar barns sjukdom og bøker om sjukdom, død eller sjølvmord i nær familie. Barnet skal ha eit særleg etisk vern. Ved omtale av vaksnes sjukdom og død, eller sjølvmord må det tilleggjast vekt i kva grad den sjuke eller døde har gitt samtykke til at hans eller hennar privatliv blir detaljert omtalt for ikkje å seia "utlevert". Utvalet har sett at forlaga i fleire tilfelle har gjort gode etiske vurderingar og avvegingar mot samfunnsmessig relevans og andre omsyn, men vi opplever også for ofte at etikk burde vore nøyare vurdert. Desse erfaringane har utvalsleiaren spela inn i prosessen fram til "Etisk sjekkliste for sakprosa" som NFFO lanserte i vinter. For kulturrådsutvalet kan desse etiske vurderingane seiast å vera omfatta av vedtektenes formulering om at det skal leggjast vekt på at dei påmelde utgjevingane "har vært underlagt et nødvendig redaksjonelt arbeid". Innkjøpsutvalet ser likevel behov for at vekt på etisk vurdering blir eksplisitt formulert i retningslinene for utvalsarbeidet.
Fakta om påmeldinger og innkjøp/statistikk
Generelt:
(% av påmelde i parentes) | Påmelde | Innkjøpte | Avslåtte | Formelt avviste |
---|---|---|---|---|
Vaksne | 333 | 96 | 219 | 18 |
Barn og unge | 0 | 0 | 0 | 0 |
E-bok | 215 | 79 | 128 | 8 |
Kun p-bok | 118 | 17 | 91 | 10 |
Nynorsk | 23 | 6 | 16 | 1 |
Debutantar | 71 (22%) | 19 (20%) | 46 | 6 |
Kjønn kvinne | 111 (33%) | 31 (32%) | 71 | 9 |
Kjønn mann | 215 (65%) | 64 (67%) | 142 | 9 |
Totalt | 333 | 96 | 219 | 18 |
(Kommentar: 11 søknader var ikkje merkte med «Debutant», 7 var ikkje merkte med «Forf. kjønn».)
Forlag:
Forlag | Påmelde | Innkjøpte | Avslåtte | Formelt avviste |
---|---|---|---|---|
ABSTRAKT FORLAG AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
AD NOTAM FORLAG AS | 2 | 0 | 2 | 0 |
AGENDA RES PUBLICA MEDIA AS | 8 | 4 | 3 | 1 |
AJAX FORLAG AS | 3 | 0 | 2 | 1 |
ARES FORLAG AS | 2 | 0 | 2 | 0 |
BENTE EGENBERG | 1 | 0 | 1 | 0 |
BLACK SNOW PRESS | 1 | 0 | 1 | 0 |
CAPPELEN DAMM AKADEMISK | 1 | 0 | 0 | 1 |
CAPPELEN DAMM AS | 36 | 15 | 20 | 1 |
CAPPELEN DAMM HOLDING AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
CINERAMA Kjetil Lismoen | 1 | 0 | 1 | 0 |
CIVITA AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
DET NORSKE BIBELSELSKAP | 1 | 1 | 0 | 0 |
DREYERS FORLAG OSLO AS | 14 | 3 | 11 | 0 |
EGMONT KIDS MEDIA NORDIC AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
ELEFANTUS AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
ELLEN ANTIKK AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
FAIR FORLAG AS | 1 | 0 | 0 | 1 |
FALCK FORLAG AS | 2 | 0 | 2 | 0 |
FIASKO FORLAG | 1 | 0 | 1 | 0 |
FIGENSCHOU FORLAG AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
FLAMME FORLAG | 3 | 3 | 0 | 0 |
FLUX FORLAG AS | 2 | 0 | 2 | 0 |
FORLAGET HISTORIE & KULTUR AS | 2 | 0 | 2 | 0 |
FORLAGET MANIFEST AS | 5 | 3 | 2 | 0 |
FORLAGET OKTOBER AS | 5 | 3 | 2 | 0 |
FORLAGET PRESS AS | 8 | 3 | 5 | 0 |
FREGN FORLAG BJØRN OTTER SKAARET | 1 | 0 | 0 | 1 |
FREKK FORLAG AS | 3 | 1 | 2 | 0 |
FRI FLYT AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
FRIE FUGLERS FORLAG Even Saugstad | 1 | 0 | 1 | 0 |
FRISK FORLAG AS | 1 | 0 | 0 | 1 |
FRK. ENES | 1 | 0 | 1 | 0 |
GAVECA, NILS PETTER VIGESTØL | 2 | 0 | 2 | 0 |
GIUTBOK.NO AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
GLORIA FORLAG AS | 4 | 1 | 3 | 0 |
GRAPPA MUSIKKFORLAG AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
GREGORY-STÆRK AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
GUTTORM ANDREAS NORDØ | 1 | 0 | 0 | 1 |
GYLDENDAL NORSK FORLAG AS | 23 | 11 | 11 | 1 |
H ASCHEHOUG & CO W NYGAARD AS | 7 | 3 | 4 | 0 |
HANNE GRIEG HERMANSEN | 1 | 0 | 1 | 0 |
HUMANIST FORLAG AS | 6 | 2 | 4 | 0 |
J M STENERSENS FORLAG AS | 2 | 0 | 2 | 0 |
JAN KÆRUP BJØRNEBOE | 1 | 0 | 1 | 0 |
JON OTTERBECK AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
KAGGE FORLAG AS | 24 | 6 | 17 | 1 |
KAPABEL FORLAG AS | 2 | 1 | 1 | 0 |
KOLOFON FORLAG AS | 4 | 1 | 3 | 0 |
KONTUR FORLAG AS | 1 | 1 | 0 | 0 |
KULTIVATOR AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
KUNSTBOKHANDELEN AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
KUNSTHALL OSLO AS | 1 | 1 | 0 | 0 |
LITTLE MOON EVENTS, PR & PUBLISHINGAS | 1 | 0 | 1 | 0 |
LUNDE FORLAG AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
MAGASINET BUNAD AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
MATEI PUBLISHING GROUP AS | 1 | 0 | 0 | 1 |
MENTOR MEDIER AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
MUSEUMSFORLAGET AS | 4 | 2 | 2 | 0 |
NORGE AMERIKA FORENINGEN | 1 | 0 | 1 | 0 |
NORSK BOKFORLAG AS | 2 | 0 | 1 | 1 |
NORSK SJAKKFORLAG Øystein Brekke | 1 | 0 | 0 | 1 |
NOVUS AS | 2 | 0 | 2 | 0 |
Nustad & Partners AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
ORFEUS PUBLISHING AS | 4 | 0 | 4 | 0 |
ORKANA FORLAG AS | 4 | 0 | 4 | 0 |
OSTEPERLER AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
PANTAGRUEL FORLAG AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
PAX FORLAG AS | 8 | 3 | 5 | 0 |
PELIKANEN FORLAG AS | 1 | 1 | 0 | 0 |
ROAR HANSEN | 1 | 0 | 1 | 0 |
ROSFJORD FORLAG HELGE ALVIN ROSFJORD | 1 | 0 | 1 | 0 |
SAGABOK AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
SCHREIBTISCH VERLAG BØRRE HAUGSTAD | 1 | 0 | 1 | 0 |
SELJA FORLAG AS | 3 | 0 | 3 | 0 |
SHADOW FORLAG | 1 | 0 | 1 | 0 |
SIBEKOS ORDATORIUM | 1 | 1 | 0 | 0 |
SKALD AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
SOLARMAX CONSULT AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
SOLUMBOKVENNEN AS | 12 | 2 | 8 | 2 |
SPARTACUS FORLAG AS | 14 | 4 | 10 | 0 |
SPREKSTREK Ingebjørg Jensen | 1 | 0 | 1 | 0 |
ST OLAV FORLAG | 2 | 1 | 1 | 0 |
STIFTINGA DET NORSKE SAMLAGET | 14 | 4 | 10 | 0 |
SVEIN SANDNES BOKFORLAG AS | 6 | 1 | 5 | 0 |
TELLEMANN FORLAG | 1 | 0 | 1 | 0 |
TIDEN NORSK FORLAG | 1 | 0 | 1 | 0 |
TORLEIF PARELIUS LYNGSTAD | 1 | 0 | 1 | 0 |
UNIVERSITETSFORLAGET AS | 13 | 7 | 5 | 1 |
UTENFOR ALLFARVEI AS | 1 | 1 | 0 | 0 |
VEGA FORLAG AS | 3 | 1 | 1 | 1 |
VIDARFORLAGET AS | 5 | 0 | 4 | 1 |
VIGMOSTAD & BJØRKE AS | 11 | 5 | 6 | 0 |
WIGESTRAND FORLAG AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
YES! FORLAG VERKSTED SELVHJELP GRETA BYLUND | 1 | 0 | 1 | 0 |
Z-FORLAG AS | 1 | 0 | 1 | 0 |
96 forlag totalt | 333 | 96 | 219 | 18 |
Om utvalet
Innkjøpsutvalet for sakprosa har i 2019 bestått av Steinar Engeland, Bjørn Tore Pedersen, Grethe Fatima Syed, Astrid de Vibe og Arnhild Skre (leiar). Varamedlemmer har vore Olav Hamran og Bjørn Kvalsvik Nicolaysen. Hamran har møtt på eit møte, Nicolaysen på to.
Utvalet har i 2019 hatt åtte møte, alle i Kulturrådets lokale i Oslo. Som i 2018 har titteltalet vore høgt og det vore sendt ut førebelse leselister slik at utvalsmedlemmene har kunna spreia lesinga jamnare i perioden mellom møta.
Også praksis med å tydeleggjera grunnlaget for formelle avslag er ført vidare i 2019.
Etter det uventa store talet påmelde titlar sist på året i 2018 og påfølgjande tilførsel av ekstraordinære midlar for å halda innkjøpsprosenten jamn gjennom året, blei "styringsprosenten" for innkjøp på kvart møte i 2019 redusert frå 30% til 25%. Då påmelde titlar blei lågare enn i 2019, blei ein del smertefullt avslåtte titlar tekne opp til ny vurdering. Den endelege innkjøpsandelen blei då 29 % av alle påmelde titlar. Om ein dreg frå dei formelt avviste titlane, enda innkjøpsprosenten for 2019 på 30%.
Påmeldingslistene, vurderingskriteria, lista over utvalsmedlemmer, møtedatoar og vedtakslister har vore – og er – tilgjengelege og oppdaterte på Kulturrådets nettsider.