10 millionar til formidling og prosjekt på litteratur
I marsmøtet sitt løyvde fagleg utval for litteratur i Kulturrådet vel 10 millionar kroner i tilskot på ordningane for litteraturformidling og litteraturprosjekt. Søknadsrunden var prega av stort mangfald og breidde både tematisk og geografisk.
Fagutvalet behandla til saman 65 søknader, med ein samla søknadssum på 21,7 millionar kroner. Til saman vart det gitt 50 tilskot til litteraturfestivaler, enkeltståande litteraturarrangement, arrangementsrekkjer og andre litteraturprosjekt, frå Arendal i sør til Longyearbyen i nord.
– Vi hadde ein god variasjon av sterke søknader denne runden, og det er gledeleg å sjå at fleire aktørar evnar å tenkje både skarpt og mangfaldsmedvite innan same prosjekt, seier Sigbjørn Skåden, som er rådsmedlem og leiar i Kulturrådets faglege utval for litteratur.
– Frå runden har eg spesielt lyst til å trekkje fram to søknader som rettar seg mot funksjonshindra barn og unge, ein serie bøker med ASK-støtte frå Cappelen Damm og ein formidlingsserie tilpassa ulike funksjonshindringar på Litteraturhuset i Oslo. Dette er prosjekt vi ønskjer å prioritere fordi dei er gode og viktige, men også fordi vi såg sjeldan får søknader som omfattar funksjonshindringas perspektiv. Støtta er derfor også eit signal ut til feltet om at Kulturrådet ønskjer å bidra til å styrkje denne inkluderinga, seier Skåden.
Stor breidd
På litteraturformidlingsordninga har søkjarane i denne runden planlagt å ha med fagleg og kunstnarisk medverkande frå alle fylka i landet og Svalbard, frå Sápmi og nærare 30 land i Europa, Afrika, Asia og Amerika.
Oslo internasjonale poesifestival ønskjer å treffe eit breitt og fleirkulturelt publikum. Festivalen har i år eit særleg fokus på krafta til poesien til å endre verda, med inviterte poetar frå Belarus, Ukraina og Palestina. Foreningen Oslo internasjonale poesifestival fekk også tilskot i denne runden til Oslo poesifilm 2024 og Skeiv poesi 2024.
Poesifestivalen i Ulvik er ein nynorskfestival som set lyrikken i sentrum og byr på eit lyrisk mangfald som tek pulsen på samtidspoesien i heimbygda til Olav H. Hauge, med program for både vaksne og barn og unge.
På litteraturprosjektordninga vart det for første gong gitt tilskot til ei sakprosabok på kvensk, Tervapoltosta kvääniteatterhiin – Kväänitten ihmisiä, historiaa ja tätä päivää. Boka består av ei rekkje tekstar som framstiller kvenske tradisjonar og samtidskultur frå ulike sider, og er den første tekstsamlinga som gir eit slikt omfattande bilete av kvensk kultur på kvensk. Den blir gitt ut på Orkana forlag.
Barn og unge – leselyst over heile landet
Barn og unge er ei viktig målgruppe på litteraturordningane, og det kom som vanleg inn mange gode søknader for og med barn og unge til denne behandlingsrunden. Eit fleirtal av litteraturfestivalane har eigne program for dei yngre lesarane. To tredelar av dei støtta prosjekta på formidlingsordninga når barn, ungdom og unge vaksne.
Fagbokfestivalen Mimes brønn er ein festival direkte retta mot barn og unge. I 2024 blir festivalen arrangert for fjerde gong, denne gongen i Heim i Trøndelag. Festivalen har som mål å spreie kunnskap, leselyst og skape opplevingar for barn og unge i Trøndelag ved å tilby eit variert utval av relevante, norske sakprosabøker for målgruppa.
Litteraturfestivalen Bokstorm er ein barne- og ungdomslitteraturfestival som skal arrangerast for første gong på bibliotek i heile Nordland hausten 2024. Festivalen ønskjer å skape blest om og bidra med god formidling av litteratur for målgruppa barn og unge 6–18 år, på initiativ av Stormen bibliotek og i samarbeid med Bodø 2024 – europeisk kulturhovudstad.
På litteraturprosjektordninga vart det mellom anna gitt tilskot til omsetjing til norsk av den samiske barneboka Uhca meahcceruollaš Jákop Bikká guossis av Mary Ailonieida Sombán Mari, illustrert av Laila Labba og gitt ut på Davvi Girji i 2023. Med dette kan samiske barn med norsk som førstespråk og norskspråklege barn over heile landet få ta del i det vesle skogtrollet Jakobs opplevingar og bli med på eventyr i verder med vesen, kunnskap og verdiar som sjeldan får plass i kvardagslivet.