Ny rapport: Fleire bøker til biblioteka
Det vart kjøpt inn 5,6 prosent fleire bøker til biblioteka i 2024 enn året før. Det viser den ferske årsoppsummeringa av litteratur for Kulturrådet.
Talet på søknader til innkjøps- og tilskotsordningane for litteratur var omtrent det same i 2024 som i 2023, men talet på innkjøpte titlar gjekk opp 5,5 prosent.
– Det er gledeleg at fleire bøker når ut til biblioteka. Auken i innkjøp viser at ordningane til Kulturrådet fungerer, og bidreg til å gjere litteraturen tilgjengeleg for fleire, seier Janicken von der Fehr, fagansvarleg for litteratur i Kulturdirektoratet. Kulturdirektoratet er sekretariat for Kulturrådet.
Jamt tal på søknader
Det vart meldt på 1207 titlar på innkjøpsordningane. 703 av desse vart innkjøpte. Størst auke i påmelding var det på dei to selektive innkjøpsordningane for ny norsk skjønnlitteratur, medan innkjøpsordninga for omsett litteratur hadde den største nedgangen, på rundt 19 prosent frå 2023.
På tilskotsordningane kom det inn 335 søknader. 229 tiltak og prosjekt fekk tilskot. Blant dei som fekk midlar, var det heile 53 litteraturfestivalar over heile landet.
Meir pengar til skulebibliotek og teikneseriar
Fleire av litteraturordningane har lenge hatt pressa budsjettrammer. I 2024 kom det eit løft over statsbudsjettet på fem millionar kroner til Kulturrådets skulebibliotekordning og fire millionar kroner til teikneserieordningane.
For skulebibliotekordninga vart det dermed mogleg å auke talet på skular frå 200 til 380. For teikneseriar vart innkjøpsbudsjettet nesten dobla. Dette bidrog til at innkjøpsprosenten gjekk opp frå 43 prosent i 2023 til 56 prosent i 2024.
Nye bøker til meir enn 110 000 elevar over heile landet
– Det er eit stort behov for betre tilgang til gode og aktuelle bøker for alle lesarar, i alle sjangrar, gjennom folke- og skulebiblioteka, og for at forfattarane har gode nok rammer til å kunne skrive. Satsinga på lesing og lesekultur vil berre bli viktigare i åra framover. I 2024 bidrog Kulturrådet til at over 700 bøker kunne skrivast og givast ut, og at over 110 000 elevar i heile Noreg fekk eit breitt utval nye bøker på skulen sin, seier von der Fehr.
Årsoppsummeringa presenterer tal, tendensar og utviklingstrekk frå Kulturrådets litteraturordningar. Rapporten skal styrkje kunnskapen om Kulturrådets ordningar, og er eit viktig grunnlag for vidare strategi. Kulturrådet vedtok nyleg ein ny strategi for 2025–2028.