Seks barne- og ungdomsprosjekt får Uhørt-tilskot
Kulturrådet har gitt tilskot til seks prosjekt som retter seg mot barn og unge i siste runde av satsinga Uhørt!.
- Det kom inn søknadar i ein bredde av sjangrar og musikkuttrykk og dei retter seg mot ulike aldrar og grupperingar av barn og ungdom til denne runden, seier utvalsleiar Tanja Orning. – Prosjekta gjeld skaping av ny musikk, nye formidlingsformat og -grep og å utvikle ny kunstnarleg utforming, seier ho.
31 søknadar kom inn til denne runden og seks prosjekt fekk tilskot. Samla blei det delt ut 1,5 millionar kroner.
Uhørt! er ein enkeltsatsing med midlar frå Kulturrådets barn- og unge-avsetning. Det blei lagt opp til to søknadsfristar, i juni og september 2020. I september ble det tildelt 1,65 millionar kroner til seks prosjekter. Totalt har det blitt delt ut 3,15 millionar kroner gjennom to rundar.
- Kulturrådet har gjennom ordninga ønska å bidra til at formidling av musikk for barn og ungdom skal være et attraktivt arbeidsfelt for fleire musikarar, komponistar, arrangørar og produksjonsmiljø i heile landet, seier Orning.
Nyskaping og nye format
Blant prosjekta som har fått tilskot er Sara Marielle Gaup som får 125 000 kroner til prosjektet «Etniid Ulloliinit» (mødrenes samiske ullsjal) som tar opp eit tabubelagt tema innad i det samiske miljøet: vold og overgrep mot samiske kvinner og jenter. Dette tematiserast gjennom joik, musikk og dans. Målgruppa er i hovudsak ungdomsskole- og vidaregåandeelevar.
Karoline Nordby og Kafésynk får 250 000 kroner til prosjektet «Kafésynk UNG». Dette er eit prosjekt for ungdom i alderen 13–19 år som gjennomførast i Oslo på Kaféteateret, Sentralen, Blå og X-ray ungdomshus. Ungdommane inviterast til arbeidsverkstader med tre ulike band med musikarar som spelar afro-venezuelansk musikk, afro-karibisk, latinamerikansk, rock, ska, reggae og cumbia. De kommer reisande frå både Sør-Amerika, Spania og Afrika.
Det andre teatret får 400 000 kroner til prosjektet «Drømmekonserten». Dette er ein konsertframsyning for barn i alderen 6 til 12 år, der barna sjølv skal være med å forme det musikalske materialet. Framsyninga er prega av improvisasjon der låtskrivingsprosessen og verktøy blir presentert for barna som undervegs er med på å lage ein stadionkonsert i miniformat.