Tverrfaglege perspektiv på kulturbruk, publikum og deltaking
Kulturpolitikken legg til grunn at kunst og kultur skal vere tilgjengeleg for alle, men kven er det eigentleg som deltek, og kvifor fell nokre utanfor? Kva kulturelle uttrykk og opplevingar blir ikkje fanga opp av måten vi måler kulturbruk på i dag?
Gjennom åtte artiklar gir konferanserapporten Tverrfaglege perspektiv på kulturbruk, publikum og deltaking innsikt i metodiske utfordringar ved måling av kulturbruk, sosiale skilnader i deltaking og behovet for å forstå nye og etablerte kulturuttrykk på digitale plattformer.
Artiklane utforskar korleis sosiale skilnadar påverkar kulturdeltaking og utfordrar snevre og tradisjonelle forståingar av kulturbruk. Dei diskuterer korleis metodane for å måle kulturvanar kan gi eit skeivt bilete av visse samfunnsgrupper, og set søkelys på kulturpolitikken sine utfordringar med å oppnå målet om deltaking for heile befolkninga. Vidare undersøkjer dei korleis internettkultur bidreg til nye former for kulturfellesskap, og korleis teknologisk utvikling påverkar måten vi opplever og deltek i kunst og kultur.
Rapporten har sitt utspring frå eit tverrfagleg arbeidsseminar arrangert av Kulturrådet sitt faglege utval for forsking i september 2023, og legg grunnlaget for forskingsprogrammet Kulturbruk, publikum og deltaking (2025–2028). Programmet har som mål å auke kunnskapen om den kulturelle åtferda til befolkninga og å gje djupare innsikt i korleis ulike samfunnsgrupper opplever og deltek i kunst og kultur.
Om publikasjonen
Tverrfaglege perspektiv på kulturbruk, publikum og deltaking |
|
Fagbokforlaget |
|
Ragnhild Torvanger Solberg (red.) | |
2024 | |
978-82-7081-216-5 |