Statistikk for museum 2017
Kulturdirektoratet samlar inn, behandlar og publiserer statistikk frå norske museum. Det er eit nært samarbeid med Statistisk sentralbyrå, og museumsdata går inn i Noregs offisielle statistikk.
Statistikk 2017 for norske museum blei samla inn i mars 2018 og omfattar museum med minst eitt fast årsverk i 2017. Museumsstatistikken skal gi eit oversyn over norske museum, og syner informasjon om museumsinstitusjonane, besøk og tilgang, formidling og utstillingar, forsking og samarbeid, forvalting av bygningar og samlingar. Talmaterialet femner om i alt 108 museum. Av desse fekk 72 museum driftstilskot frå Kulturdepartementet.
Jødisk Museum Trondheim rapporterte til Kulturdepartementet for første gang i 2017. Dei 36 andre musea er mellom anna kommunale museum, universitetsmuseum og museum under andre departement.
Om publikasjonen
Statistikk for museum 2017 |
|
Kulturdirektoratet |
|
2019 | |
978-82-8105-143-0 |