Kulturrådet ønskjer forslag til nye utvalsmedlemmer for 2026-2027
Peder Niilas Tårnesvik sit i eit av Kulturrådets musikkutval, og høyrer på 600 album i året. No kan du nominera deg sjølv eller nokon du kjenner til å sitja i eit av Kulturrådets 23 utval.
Kulturrådet skal utnemna nye utval og ønskjer innspel til medlemmer frå heile landet og med ulik fagkompetanse, bakgrunn og alder.
Rundt 135 kunstnarar og kulturarbeidarar har som oppgåve å vurdera søknader og bøker som kjem inn til Kulturrådet. Snart skal det utnemnast nye utval for perioden 2026 –2027, og du kan foreslå medlemmer.
– Utvala gjer ein stor og viktig jobb for kunst- og kulturfeltet i heile landet. No er me på jakt etter nye kompetente og motiverte medlemmer, seier rådsleiar Sigmund Løvåsen.
Det er til saman 15 fagutval under Kulturrådet innanfor fagområda visuell kunst, musikk, scenekunst, litteratur, kulturvern, tidsskrift og kritikk, forsking og utvikling og tverrgåande ordningar. I tillegg er det ni vurderingsutval for innkjøpsordningane på litteratur. Fagutvala vurderer og diskuterer søknader innanfor sitt område, og bestemmer kva som skal få tilskot. Vurderingsutvala for litteratur vurderer bøker til innkjøpsordningane og avgjer kva påmelde bøker som blir kjøpte inn til biblioteka.
Fagutvala bidreg også til diskusjonane til rådet om behovet til kunst- og kulturfeltet, kva Kulturrådet skal satsa særleg på og korleis tilskots- og innkjøpsordningane bør vera innretta.
Utvala blir utnemnde for to år av gongen. Medlemmene blir jamleg skifta ut for å spreia makta over midlane og halda diskusjonane om kunst, kultur og kvalitetar levande.
Ønskjer brei representasjon
Kulturrådet har nyleg lansert ein ny strategi for perioden 2025-2028. Fire satsingsområde skal gi retning til Kulturrådets arbeid framover: Auka mangfald og fleire stemmer, Auka likeverd for den samiske urbefolkninga og nasjonale minoritetar, Eit ope og tilgjengeleg kunst- og kulturliv og Eit kunst- og kulturfelt som møter klima- og naturkrisa.
Kulturrådet treng utvalsmedlemmer med variert bakgrunn og erfaring frå heile kulturfeltet og heile landet.
– Kulturrådet ønskjer utvalsmedlemmer som kan bringa inn nye perspektiv i arbeidet vårt. Me ser etter folk som har kunnskap om vidt ulike uttrykksformer og sjangrar. Både dei som får tilskot frå Kulturrådet i dag, og dei som sjeldnare er i kontakt med oss, seier Løvåsen.
Når utvala skal setjast saman blir fleire omsyn balanserte:
- Høg fagkompetanse innanfor ulike uttrykk og sjangrar på kvart fagområde
- Erfaring frå ulike delar av kunst- og kulturfeltet (skaparar, utøvarar, arrangørar, formidlarar, akademikarar m.m.)
- Breidd i kultur- og erfaringsbakgrunn
- Bredde i alder og geografisk tilknyting
I Kulturrådets områdeplanar finn du meir informasjon om kvart fagområde og her er det liste over dagens utval.
Om arbeidet i fagutvala
Utvalgene skal gjera vedtak basert på kunst- og kulturfagleg skjønn. Utvalsmedlemmer skal ikkje representerer nokon andre enn seg sjølve, men skal gjera uavhengige vurderingar ut frå eigen fagkompetanse og erfaring. Utvalet diskuterer seg fram til avgjerder i fellesskap under utvalsmøta.
Arbeidsmengda varierer ut frå kva ordningar utvala har ansvar for. Dei fleste utval har 4-5 møte i året, som kan vara i 1-3 arbeidsdagar kvar. Før kvart møte les og vurderer utvalsmedlemmene alle søknader som er komne inn til ordningane dei har ansvar for (50-200 søknader per møte) og andre saksdokument. Vurderingsutvala les og vurderer bøkene som er påmelde innkjøpsordninga deira, og dessutan søknader til enkelte ordningar.
Utvalsmedlemmene får honorar for førebuing og møtetid med ein timesats som blir brukt i statlege utval (i 2025: 573 kroner per time).
Sjå korleis søknadene til Kulturrådets støtteordningar blir behandla her.
Kven kan foreslå og korleis går oppnemninga føre seg?
Du kan foreslå nye utvalsmedlemmer som enkeltperson eller på vegner av ein organisasjon. Det er også mogleg å foreslå seg sjølv. Fyll inn felta i skjemaet og beskriv kva kunnskap og erfaring den du foreslår har, som du meiner er relevant for Kulturrådets arbeid.
Kulturrådets sekretariat i Kulturdirektoratet tek kontakt med aktuelle kandidatar. Me gir ikkje tilbakemelding til alle forslagsstillarar eller foreslåtte personar.
Sekretariatet for Kulturrådet vil leggja fram eit forslag til utvalssamansetning på møtet til rådet i januar 2026. Kulturrådet diskuterer seg fram til den samansetninga dei ønskjer og vedtek kven som blir utnemnde. Dei nye utvala blir publiserte på nettsidene når dei er vedtekne. Utvala byrjar arbeidet sitt i februar 2026. Frist for å foreslå medlemmer er 31. oktober 2025.