Oselvarverkstaden ført inn på UNESCO-liste
Oselvarverkstaden og oselvarkulturen har, som første norske immaterielle kulturuttrykk, blitt tatt inn på UNESCOs liste over gode vernepraksisar.
Oselvaren er ein klinkbygd trebåt frå Hordaland som har vakse fram etter ei utvikling over fleire tusen år. Han har tradisjonelt vorte nytta som bruksbåt og til moderne kapproing og kappsegling sidan 1800-talet. Det er ikkje sjølve båten, men kunnskapen om å byggje og bruke han, som vert verna. Stiftinga Oselvarverkstaden i Os i Hordaland einaste staden det vert bygd oselvarar i dag.
Vedtaket vart gjort på UNESCOs mellomstatlege komitémøte i dag, torsdag 1. desember 2016.
Kristin Danielsen, direktør i Kulturrådet, gratulerer Oselvarverkstaden med innskrivinga. - Dette er svært gledeleg for alle som er opptekne av båtbygging og tradisjonshandverk i Noreg, og eg trur utnemninga kan føre til auka kunnskap om korleis ein kan arbeide med å vidareføre immateriell kulturarv, seier Danielsen. På bakgrunn av Kulturrådet si tilråding, fremja Kulturdepartementet denne nominasjonen for UNESCO i mars 2015.
Oselvarverkstaden og Oselvarkulturen
Båtbyggar Maik Riebort førebur "børabordet', det breiaste bordet på ein Oselvar. Foto: Vidar Langeland
Avgjersla til UNESCO inneber ei viktig anerkjenning av Oselvarverkstaden, som i mange år har arbeidd for å vidareføre kunnskap omkring båtbygging generelt og Oselvarbåten spesielt. I dei siste åra har dei lagt aukande vekt på at miljøet rundt sjølve verkstaden er kunnskapsrike og at dette er viktige støttespelarar og pådrivarar for utviklinga ved verkstaden. Nominasjonen handlar derfor om både Oselvarverkstaden og Oselvarkulturen. Oselvarverkstaden har sjølv arbeidd med å skrive nominasjonsforslaget, og har også fått støtte av norske NGOar i prosessen.
I oktober 2016 vart det i tillegg gitt ut ei bok om båten og Oselvar-kulturen. Boka har vorte støtta av Kulturrådets avsetjing for kulturarv. Dette er eit viktig bidrag i eit langsiktig arbeid med å formidle kunnskap om båten, om aktiviteten ved verkstaden, bruken av båten og Oselvar-kulturen.
Oselvaren og forgjengarane: Foran er ein kopi av Halsnøybåten (ca. 300 AD). I midten ein kopi av Gokstadfæringen (ca. 900 AD). Bakerst ein Oselvar frå 2002.
- Innskrivinga er også ei viktig anerkjenning for lokalsamfunnet med Os båtbyggjarlag og Os kommune i spissen, men også for Hordaland fylkeskommune som aktivt har støtta og fremja arbeidet ved verkstaden. Dette er også ei viktig utnemning for alle som arbeider med tradisjonshandverk i Noreg, seier Danielsen.
Gode vernemetodar rundt om i verda
Kulturdepartementet ser på lista om gode vernemetodar som ein viktig reiskap for å vidareføre immateriell kulturarv. På denne lista får ein informasjon om gode vernemetodar rundt om i verda og folk kan dermed få innblikk i prosessen rundt dette arbeidet. Dette er et viktig prinsipp i arbeidet med konvensjonen.
Det er i dag 17 innføringar på denne lista frå fleire land i Sør-Amerika, Asia og Europa. Innføringane omtalar ulike tiltak som sikrar at ulike tradisjonar blir vidareført og fleire bidrag omhandlar arbeid med barn og unge. Andre bidrag omtalar ulike prosessar i arbeidet med å vidareføre tradisjonar: til dømes omtalar Belgia eit målretta arbeid for å sikre at klokkespeltradisjonen blir vidareført. Metodane kan enkelt nyttast av andre land og i arbeid med å vidareføre ulike type kulturuttrykk. Frå Sør-Amerika får vi kjennskap til eit overnasjonalt samarbeid mellom Bolivia, Peru og Chile. Dei fortel om eit konkret samarbeidsprosjekt som skal sikre at Aymaraene, som er ei urbefolkningsgruppe, kan oppretthalde og vidareføre sin tradisjonelle kunnskap. Vidareføring av kunnskap og dugleik er eit kjernepunkt i denne konvensjonen. Denne lista er med å spreie informasjon om gode tiltak og metodar som kan bidra til å sikre merksemd om desse prosessane rundt om i verda. UNESCOs liste over immateriell kulturarv