Hopp til innhold
Kulturrådet og Musikk i Innlandet inviterer til:

Ope informasjons- og dialogmøte om Kulturrådets tilskotsordningar og musikklivet i Innlandet

Musikkutvalet for turné- og verksemdstilskot i Kulturrådet har lagt det neste utvalsmøtet sitt til Gjøvik. Me ønskjer samtidig å gjera oss meir kjent med musikklivet i Innlandet og informera om tilskotsordningar for musikk i Kulturrådet.

14. mai 2025 kl. 10:00 - 12:00

Legg arrangementet i min kalender

Samfundet, Bar Bjørnson, Gjøvik

Kulturrådet og Musikk i Innlandet

Me spør: 

  • Kva moglegheiter finst for musikklivet i Innlandet i Kulturrådets tilskotsordningar?
  • Korleis kan musikkaktørar i Innlandet spela på lag for å få mange og gode konsertar ut til små og store stader i fylket? 
  • Korleis er føresetnadene for regional, nasjonal og internasjonal turnéverksemd for utøvarar busett i Innlandet?

Me vil:

  • presentera relevante tilskotsordningar på musikkområdet i Kulturrådet
  • fortelja om prioriteringar og vurderingar av søknader i fagutvala
  • ha ein panelsamtale med spørsmål og innspel frå salen

I panelet:

  • Johannes Skyberg – musikar, produsent, m.m.
  • Kurt Ole Linn – fylkeskultursjef i Innlandet 
  • Solbjørg Tveiten – dagleg og kunstnarisk leiar i Musikk i Innlandet 
  • Vegar Vårdal – musikar, produsent, utvalsmedlem, m.m.
  • Ellen Andrea Wang – bassist, vokalist og komponist
  • Tor Rullestad – kulturhussjef i Hamar kulturhus

Møtet er relevant for musikarar, artistar, ensemble og band, og for arrangørar, festivalar og institusjonar som er arenaer for turnerande utøvarar, m.fl. 

Møtet er eit samarbeid mellom Musikk i Innlandet og Kulturrådet, og inngår i ein fagdag for musikkfeltet i Innlandet i regi av Musikk i Innlandet og Musikkontoret MØST.

Sjå detaljert program her

Påmeldingsskjema her

Se hvem som sitter i musikkutvalget for turné- og virksomhetstilskudd her

Kontakt

Musikk i Innlandet v/ Solbjørg Tveiten
Epost:
[email protected]

Tlf: 975 49 941