Digitalt informasjonsmøte om historiske spel
Kulturdirektoratet inviterer til digitalt informasjonsmøte 6. november 2024. Her gir vi generell informasjon om tilskotsordninga Historiske spel og tek imot spørsmål.
6. november 2024 kl. 11:30 - 12:30 |
|
Digitalt |
|
Kulturdirektoratet |
I forkant av søknadsfrist 3. desember inviterer Kulturdirektoratet til eit digitalt informasjonsmøte.
På møtet går vi gjennom dei viktigaste punkta i retningslinjene, med tips og påminningar om kva som er viktig å få med i søknaden.
Etter ein innleiande presentasjon opnar vi for spørsmål. Da kan du ta opp ting du lurer på om tilskotsordninga og søknadsprosessen.
Vi anbefaler nye søkarar å delta på møtet. Søkarar som har lyst til å friske opp kunnskapen sin og andre som har lyst til å lære meir om tilskotsordninga er òg velkomne.
På møtet får du vite meir om:
- Tilskotsordninga Historiske spel
- Hovudtrekk i retningslinjene
- Korleis du kan gå fram for å få rettleiing eller stille spørsmål
- Generelle søknadstips
I dette møtet er det Ragnhild Gjefsen og Vilde Sparre fra Kulturdirektoratet som informerer.
Møtet er digitalt på Zoom og opent for alle.