Hopp til innhold

Dialogmøte med kvenske og norskfinske kunst- og kulturaktørar

Kulturdirektoratet og Kulturrådet inviterer det kvenske og norskfinske kunst- og kulturfeltet til dialogmøte 30. og 31. mai i Vadsø. Formålet er å bli kjend med moglegheiter og utfordringar i feltet, og forstå korleis vi kan rigge oss slik at kvensk og norskfinsk kunst og kultur blir skapt, bevart og formidla til fleire.

30. - 31. mai 2024

Legg arrangementet i min kalender

Biblioteket i Vadsø

Kulturdirektoratet og Kulturrådet

 

Vi ønskjer kvenske og norskfinske kunstnarar og kulturaktørar, og andre som jobbar med eller er interesserte i kvensk og norskfinsk kunst og kultur, hjarteleg velkommen til å møte oss i Vadsø!

Kulturdirektoratet og Kulturrådet jobbar begge med å leggje til rette for eit levande og mangfaldig kunst- og kulturliv i Noreg gjennom tilskot til profesjonelle kunstnarar, arrangørar, utgivarar og ulike kulturverksemder over heile landet. Vi ønskjer å bli betre kjent med moglegheiter og utfordringar i det kvenske og norskfinske kunst- og kulturfeltet, og lære korleis tilskotsordningane våre kan bli relevante for fleire. 

Meld deg på her

Har du ikkje anledning til å delta fysisk? 

Du kan følgje det som skjer i plenum via Zoom. Huk av for digital deltaking i påmeldingsskjemaet så sender vi lenkje til møtet.

Program 30. mai: Dialogmøte med kunstnarar i det frie feltet

12:00: Kulturelt innslag.

12.10: Velkommen og informasjon om Kulturrådet ved rådsleiar Sigmund Løvåsen.

12:30: Debatt: Moglegheiter og utfordringar i kvensk og norskfinsk kunst og kulturutvikling.

13:30: Pause.

14:00: Rundebordsamtalar.

15:15: Takk for i dag.

Programmet for dagen blir oppdatert med meir informasjon fortløpande.

Program 31. mai: Dialogmøte med kulturaktørar

9:00: Kulturelt innslag.

9:10: Velkommen og informasjon om Kulturdirektoratet ved Øystein Strand, avdelingsdirektør for kunstnarisk produksjon og formidling.

9:20: Drivkraft og grasrotarbeid
Store delar kunst- og kulturfeltet, også det kvenske/norskfinske, er basert på frivilligheit. Her får vi høyre mellom anna Ruija forlag og Kipparifestivalen sine erfaringar og utfordringar med å organisere og finansiere frivillig arbeid.

10:00: Pause.

10.15: Drivkraft og det profesjonelle feltet
Her får vi høyre frå profesjonelle kulturaktørar som Kventeatret og Nordnorsk jazzsenter som kan vere inspirasjon og pådrivar for utvikling av det kvenske og norskfinske kunst- og kulturfeltet.

11.00: Lunsj.

11:45: Informasjon om Kulturdirektoratet, Kulturrådet, Fond for lyd og bilete og Statens kunstnarstipend.

13:00: Rundebordsamtalar.

14:15: Takk for i dag. 

Programmet for dagen blir oppdatert med meir informasjon fortløpande.