Hopp til innhold
Dialogmøte

Dialogmøte: Tidsskrift og kritikk i Tromsø

Kulturrådet inviterer til informasjons- og dialogmøte rundt Kulturrådets ordning tidsskrift og kritikk.

6. november 2024 kl. 19:00 - 21:00

Legg arrangementet i min kalender

Amtmandens Industrirommet, Grønnegata 83, 9008 Tromsø

Kulturrådet

Program:

 

19.00: Dørene opnar

19.15 – 19.30: Innleiing frå Mette Karlsvik, seniorrådgjevar i Kulturdirektoratet

19.30 – 20.00: Innleiing frå Ida Habbestad, leiar for fagleg utval for tidsskrift og kritikk

20.00 – 20.15: Korte oppfølgingar av utvalsmedlemmar i fagleg utval for tidsskrift og kritikk

20.15 – 21.00: Samtale

 

Heilt sidan Norsk kulturfond blei oppretta, har Kulturrådet gitt tilskot til produksjon eller formidling av kulturtidsskrift, og kritikk. Kulturrådet gir i dag tilskot til ei mangeslungen vifte av tidsskrift og andre tiltak, der det særleg er ulike fagfelt som er godt representert. Kulturrådet ønsker å i større grad nå ut til aktørar i Troms, og inviterer til eit møte der vi seier litt ordningane – slik dei er, og moglegheitane som ligg i dette for einskilssøkarar, som kritikarar, eller verksemder, som redaksjonar og organisasjonar. Det er eit mål å komme i dialog med dykk som bur i Troms, for å undersøke korleis ordningane kan bli meir relevant for aktørar i dette området.

 

Innlegga blir i utgangspunktet holdt på norsk. Ein kan melde ifrå ved påmelding om det er behov for at innlegga blir holdt på engelsk.

 

Det er mogleg å kjøpe forfriskingar. Lokalet held ope etter det formelle programmet, for vidare sosialt og fagleg samver.

 

Meld deg på her