Museumskonferansen 2024: Gode museum - betre lokalsamfunn
Velkommen til Kulturdirektoratets museumskonferanse torsdag 31. oktober – fredag 1. november i Stormen konserthus i Bodø!
31. oktober - 1. november 2024 |
|
Stormen konserthus, Storgata 1B Bodø, 8006 Norge |
|
Kulturdirektoratet |
Påmeldingsfristen er 17. oktober.
Dei siste åras samfunnsendringar har vore dramatiske med pandemi, klimakrise og krigar. Korleis taklar me dei utfordringane Noreg og verda står andsynes i dag og korleis kan me, saman og kvar for oss, skape inkluderande fellesskap og lokalsamfunn? Sivilsamfunnet er sjølve kjernen i dette arbeidet, og kultur kan vere ei drivkraft som gjer endring mogleg. Internasjonale konvensjonar og deklarasjonar peikar på at dersom me skal lukkast, må me samarbeide både internasjonalt og nasjonalt. Føresetnaden for eit slikt samarbeid er ei sterk lokal forankring.
Me treng levande lokalsamfunn tufta på aksept og tillit, og me treng sterke fellesskap som toler omstilling og usemje. Kulturarvinstitusjonar, og i særleg grad musea, er heilt naudsynte i det lokale arbeidet og har samstundes viktige roller både nasjonalt og internasjonalt.
Med internasjonale konvensjonar som rammeverk og med inspirasjon frå rørsla The Happy Museum, vil me i denne konferansen leggje til rette for diskusjon om kva roller musea kan ta i arbeidet for å skape ei betre framtid. Korleis kan sektoren bli ein enda tydelegare aktør i dette arbeidet? Me veit ikkje korleis framtida blir, men me kan påverke retninga og me må tenkje nytt. Korleis kan kulturarvsinstitusjonar bidra i arbeidet med å skape gode lokalsamfunn – også for generasjonane etter oss?
Innimellom programpostar vert det og høve til å møte internasjonal seksjon i Kulturdirektoratet/Kreativt Europa, samt andre seksjonar i Kulturdirektoratet som er til stades under konferansen.
Program
Torsdag 31. oktober
10.00: Registrering, kaffi og ein lett matbit
Høve til lynmøte for å høyre meir frå ulikt innovasjonsarbeid i Kulturdirektoratet. Internasjonal seksjon/Kreativt Europa og eventuelt andre seksjonar i Kulturdirektoratet
11.00: Opning av konferansen: Velkomen ved Kristin Danielsen, direktør, Kulturdirektoratet.
Torbjørn Urfjell, avdelingsdirektør for samfunn og arena i Kulturdirektoratet, leiar oss gjennom konferansen.
11.10 -12.10: Bolk 1 - Kva kan musea gjere i arbeidet for ei betre framtid?
Tony Butler, Executive Director of Derby Museums Trust i England, gir oss ein introduksjon av korleis musea kan bidra i arbeidet med å byggje gode og inkluderande lokalsamfunn. Butler grunnla i 2011 prosjektet Happy Museum Project, som skapte et internasjonalt nettverk blant museer frå ei rekkje land, også inkludert 60 britiske museer – for å utforske korleis musea kan være både gode og framoverskuande men samstundes miljømessig bærekraftige. Med utgangspunkt i innlegget til Tony Butler, reflekterer Eva Dagny Johansen, Førstekonservator NMF frå Alta museum, rundt deira innsats for ei betre framtid.
11.10: Tony Butler, Executive Director of Derby Museums Trust, England
11.45: Eva Dagny Johansen, førstekonservator NMF, Verdensarvsenter for bergkunst, Alta Museum
Spørsmål frå salen
12.10: Lunsj
Med høve til lynmøte Internasjonal seksjon/Kreativt Europa, Informasjon om nordiske tilskotsordningar etc. eventuelt info frå andre seksjonar i Kulturdirektoratet
13.00: Bolk 2 - Kulturarv i byar – ferdig snakka?
I denne bolken vil me sjå nærare på kulturarv i byar og korleis kulturmangfald og ulike fellesskap stimulerer til tryggheit og inkludering. Korleis kan musea og andre kulturarvsinstitusjonar spele ei aktiv rolle i arbeidet med å byggje gode samfunn der det er rom for eit mangfald av praksisar og ytringar? Kva utfordringar og moglegheiter ser musea i dette arbeidet?
Med utgangspunkt i musea si samfunnsrolle, løftar Hanna Schreiber, professor, kulturarvsforskar og UNESCO-konsulent fram kva immateriell kulturarv har å seie for identitet og tilhøyrsle i storbyar som Warszawa og Krakow. Utfordringar og moglegheiter gjennom pågåande prosjekter.
13.05: Hanna Schreiber, professor i statsvitskap, Warszawa Universitet, Polen
13.40: Hanna Schreibers innlegg vil bli kommentert med utgangspunkt i erfaringar frå fire ulike stader i Noreg:
- Marianne Olsen, Direktør, Perspektivet museum, Tromsø: Korleis arbeider museet for at folk i Tromsø skal føle seg heime i byen?
- Rudolf Svendsen, Avdelingsdirektør Stavanger Museum: Naturforvaltning i byen? Byar er også natur, kva for fellesskap er opptekne av natur og kultur (og kva for tradisjonar/praksisar er viktige for å ivareta desse perspektiva? Korleis kan musea legge til rette for/være drivarar for å vidareføre denne typen kunnskap?
- Hege Hauge Tofte, Direktør Østfoldmuseene: - Kva moglegheiter og utfordringar ser Østfoldmuseene i arbeid med å synleggjere mangfaldet av levande tradisjonar i Østfold?
Spørsmål frå salen
14.35: Pause med kaffi og mat
15.15-16.15: Bolk 3 - Skapar reiseliv og turisme gode lokalsamfunn?
Kultur og i særleg grad kulturarv er ein verdfull ressurs for turisme, utdanning, sysselsetjing og berekraft. Kulturturisme er ofte ein viktig del av lokale og regionale utviklingsstrategiar. Kultur er både ein pådrivar og ein tilretteleggjar for berekraftig utvikling i lokalsamfunn. Kva er musea sin respons på denne dualismen, og kva ser vi av aktuelle diskusjonar rundt berekraftig turisme i lokalsamfunn? Hanne Lykkja innleier. Deretter følgjer ein paneldebatt om temaet.
15.15: Innleiing ved Hanne Lykkja.
Hanna er utdanna ressursgeograf, og har jobba ein årrekke med bærekraftig besøksforvaltning og stadsutvikling i ei rekkje kommunar og fylkeskommunar.
15.30: Paneldebatt om reiseliv og levande lokalsamfunn med Hanna, samt:
- Dorthe Eide, professor Nord Universitet
- Dag Raaberg, direktør, Norsk Skogfinsk museum
- Geir Are Johansen, direktør Museum Nord
- Ingvil Eilertsen Grimstad, fagdirektør kulturhistorie, Vitimusea
16.15: Oppsummering av dagen ved Lennart Fjell, leiar av Kystmuseet i Øygarden (Museum Vest)
16.25: Kulturdirektoratet: Takk for i dag og sjåast til middag
19.00 - 22.00: Festmiddag med musikalsk innslag
Fredag 1. november
09.00: Musikalsk start på dagen!
09.05: Nytt frå Kulturdirektoratet v/Inga-Lill Sundset, seksjonsleiar, kulturarv og museum, Kulturdirektoratet
09.15-10.35: Bolk 4 - Musea si samfunnsrolle – kva snakkar vi eigentleg om?
I Meld. St. 23 (2020-2021), Ting, tillit og tid, musea i samfunnet peika på at musea har eit viktig samfunnsansvar i arbeidet med å byggje gode og inkluderande lokalsamfunn. Med dei store og komplekse samfunnsendringane dei siste åra, er denne rolla viktigare enn nokon gong. Sturla Stålsett, professor i diakoni, religion og samfunn ved MF vitenskapelig høyskole i Oslo, vil reflektere rundt den avgjerande rolla kulturen har for byggje inkluderande fellesskap og lokalsamfunn som toler usemje og omveltingar. I kjølvatnet av Stålsett sitt innlegg vil temaet bli diskutert i gjennom korte innlegg og panelsamtale.
09.15: Om kulturarvsinstitusjonanes rolle som samfunnsaktør lokalt og globalt
09.40: Panel: Med utgangspunkt i dagsaktuelle problemstillingar vil panelet diskutere museas rolle i sine lokalsamfunn.
Moderator er Hans Philip Einarsen, direktør, Randsfjordmusea.
- Kaisa Maliniemi, Direktør, Nord-Troms museum
- Bjørn Hatterud, forfattar, kunstkritikar, kurator og kulturarvsaktivist
- Sissel Ann Mikkelsen, koordinator for de samiske museene, Saemien Sijte
- Annelise Bothner By, Seniorkurator, Oslo Museum, Interkulturelt museum
- Mari Møystad, Konservator NMF, Anno Glomdalsmuseet
10.35: Pause med kaffi og frukt
Med høve til lynmøte Internasjonal seksjon/Kreativt Europa og eventuelt andre seksjonar i Kulturdirektoratet
11.00-12.05: Bolk 5 - Korleis nå dei unge? - Vidareføring av kunnskap til neste generasjon
I tråd med konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven av 2003, løftar museumsmeldinga fram at tradisjonskunnskap knytt både til kultur- og naturarv er nyttig kunnskap for samtida. Samstundes blir det understreka at det er viktig å vidareføre slik kunnskap i arbeid for ei meir berekraftig framtid. Musea har ei sentral rolle i dette arbeidet. Gjennom fire innlegg får vi høyre om erfaringar og bli inspirert i eige arbeid.
11.05: Heidi Richardson, Forskningskoordinator, Hardanger Fartøyvernsenter – om deira arbeid med å vidareføre handverkstradisjonar til nye generasjonar.
11.20: Hind Helene Harira, Leiar, Setesdalsmuseet. Om å vidareføre setesdalstradisjonen til barn og unge.
11.35: Romano Kher, Oslo: Kva for kulturarv vert vidareført, og kva metodar blir nytta i dette arbeidet?
11.50: Nina Vestby, tradisjonsberar og kunstnar. Ho har lang erfaring i arbeid med å kople levande tradisjonar og kunstuttrykk med ungdomsmedverking.
12.05: Lunsj
13.10: Lynmøte internasjonal seksjon/Kreativt Europa og eventuelt andre seksjonar i Kulturdirektoratet og høve til samrøre.
Praktisk informasjon
Tidspunkt
Torsdag 31. oktober: Registrering og noko å bite i frå klokka 10.00 Konferansestart klokka 11.00
Fredag 1. november: Konferansen vert avslutta med lunsj ca. klokka 12.00
Pris
Deltakaravgifta for heile konferansen er 1 500,- kroner. Lunsj, pausemat og middag onsdag kveld er inkludert i prisen.
Hotell
Clarion Collection Hotel Grand
Kr 1590,- pr natt
Bookingkode booking.cc.grand.bodo@strawberry.no
Avbestillingsfrist 16. Oktober
Scandic Havet
Kr 1490,- pr natt
Bookingkode: BMUS311024
Kan bookes frem til 3. oktober, avbestillingsfrist 16. oktober
Scandic Bodø
Kr 1390,- pr natt
Bookingkode: BKUL311024
Kan bookes frem til 3. oktober, avbestillingsfrist 16. oktober
Thon Hotel Nordlys
Kr 1495,- pr natt
Bookingkode: lill-heidi.myrvoll@olavthon.no
Avbestillingsfrist en måned før, 30. september
Tilgjengelegheit
Me ynskjer å lage eit arrangement som er tilgjengeleg for alle. Treng du til dømes tegnspråktolking, skrivetolking, engelsk omsetjing eller informasjon om annan tilrettelegging, ta kontakt med oss.