Norske konsertinntekter tredobla dei siste ti åra viser ny forsking
I dag lanserast boka Engasjement og arrangement av Bård Kleppe, Ola K. Berge og Sigbjørn Hjelmbrekke frå Telemarkforsking. Boka er bestilt av Kulturrådet og presenterer nye tal frå norske konsertarrangørar.
- Denne utgreiinga viser at offentleg støtte bidrar til eit musikalsk mangfald, som blir tilgjengeleg for eit stort publikum, fortel utvalsleiar for arrangør- og festivalstøtteordninga i Norsk kulturfond, Jan Ole Otnæs.
60 % av befolkninga går på konsert
Funna frå boka peikar på ein konsertverksemd i stor endring dei siste ti åra, blant anna som følgje av folks nye musikkvanar. Konsertar og live-musikk har aldri vore så viktig for artistar som no og så mykje som halvparten av norske artistars omsetting kjem frå konsertar. Ikkje overraskande viser også tala at 60 % av befolkninga går på konsert.
Den nye omsettingsaukinga stiller òg heilt nye krav til profesjonalitet i alle ledd.
– Heile feltet har gått gjennom ei eller anna form for profesjonalisering. Ein kan gjerne seie at dei profesjonelle har blitt meir profesjonelle, alle dei frivillige har blitt meir profesjonelle, og ein rekkje frivillige har blitt heilprofesjonelle. Krava til profesjonalitet kjem også frå alle ledd. Publikum forventar profesjonalitet, artistane forventar profesjonalitet, myndigheitene og tilskottgjevarane det same. Og når eitt ledd i kjeda blir profesjonalisert, blir det stilt krav til dei andre, fortel forfattar Bård Kleppe.
Fleire konsertar med underskot
Trass i omsettingsaukinga og den tredobla inntekta, går likevel dei fleste konsertane med underskot. Tala frå boka viser at om lag 63 % av konsertane går med underskot, medan om lag 32 % går med overskot og 5,5 % går i null. Samstundes fortel Kleppe at støtta frå tilskottgjevarane er heilt avgjerande.
– Av dei 787 observasjonane vi brukar, var det 249 konsertar som gjekk med overskot, 495 som gjekk med underskot og 43 gjekk i null. Eg vil nok hevde at utan støtta hadde ein mista nesten alle konsertar med folkemusikk, dei fleste konsertar med jazz, klassisk og visemusikk og ein god del konsertar med blues, forklarar Kleppe.
Store forskjellar mellom arrangørar
Kleppe forklarer òg at dei avdekte fleire skilnader mellom dei største arrangørane i feltet. Blant anna får, i følgje tala frå boka, dei to største arrangørane nesten halvparten av den statlege støtta for arrangørar.
– Vi såg at dei to arrangørane med plass på statsbudsjettet, dei vi omtalte som A-laget, får nær halvparten av den statlege støtta til arrangørar. Vi såg òg at festivalane synest å bli høgare prioritert enn heilårsarrangørane, og då særleg frivillige arrangørar og studentarrangørar. Medan arrangørane får om lag 75 millionar over statsbudsjettet, får festivalane 150 millionar. Samtidig veit vi at aktivitetsomfanget til heilårsarrangørane er langt høgare enn for festivalane, fortel Kleppe.
Billettsalet gir størst inntekt
Økonomital frå organiserte arrangørar viser at billettsalet utgjer 48 %, tilskot 33 %, sponsing 3 %, servering og sal 6 % og andre inntekter 10 %. Av utgifter går 38 % til honorar, 17 % til andre konsertutgifter, 25 % til lønn, 7 % til lokale medan 14 % går til anna. Hos Ticketmaster synes tal at 50 % av selde billettar går til sjangrane pop og rock, neste på lista er billetter selde til klassiske konsertar med 11 %.
Skeiv kjønnsbalanse
Tal frå boka viser at norske konsertarrangørar har ein skeiv kjønnsbalanse blant dei daglege leiarane. Det visar seg at heile 67 % av dei daglege leiarane er menn, mot 33 % kvinner.
– Tala er basert på svært mange arrangørar og er dermed truleg relativt representative for den faktiske situasjonen, fortel Kleppe.
Urovekkande utvikling
Otnæs er godt fornøgd med korleis boka har vorte, og fortel at den gir god innsikt i korleis konsertnæringa har utvikla seg men òg korleis den potensielt kjem til å sjå ut i framtida.
– Boka peikar heilt klart ut viktige tendensar i arrangørfeltet og det er gledeleg å sjå at konsertar er såpass viktig for artistar i dag. Men, eg synest det er urovekkande at dei fleste konsertar i dag går med underskot. Dette er ei utvikling vi vil følgje nøye med på i tida framover når vi ta for oss tilskotsordningane for heilårsarrangørane, fortel Otnæs.
Om boka
Boka er resultatet av eit større forskingsprosjekt om heilårsarrangørane og konsertverksemd i Noreg, finansiert av Kulturrådet. Intervju med arrangørar, spørjeundersøkingar og økonomiske oversikter frå ei rekke konsertar ligg til grunn for funna i boka. Boka ser på omfanget av konsertar i Noreg, og undersøker publikum og dei ulike aktørane i konsertbransjen. Vidare beskriv boka arrangørane, historia deira, dei kunstnariske ambisjonane og dei økonomiske vilkåra dei opererer under. Avslutningsvis peikar forfattarane på viktige utviklingstrekk på området, og på endringar ein kan vente i åra som kjem.