Fleire nye skulebibliotek kan få bøker allereie til våren
Grunnskular kan no søkja om å få bøker gjennom Kulturrådets skulebibliotekordning. Søknadsfristen er 28. januar 2025.
– Allereie frå neste år vil langt fleire elevar få gode og oppdaterte boksamlingar på skulen sin. Det er store forskjellar i tilbodet barn og unge møte, ut frå kvar dei bur og kva familie dei kjem frå. Skulebiblioteka har ei viktig rolle i å jamna ut nokre av desse forskjellane, og bidra til lesekultur og leseglede, seier medlem av Kulturrådet og leiar for fagleg utval for litteratur, Sigbjørn Skåden.
Interesse for lesing startar i tidleg alder
I dag er det 380 skular og 11 330 elevar over heile landet som får nye bøker gjennom ordninga. No blir det opna for søknader frå nye skular.
– Me måtte seia nei til mange skular i førre søknadsrunde, og oppmodar desse til å søkja igjen no. Me veit kor viktig det er med nær tilgang på bøker og at interesse for lesing startar i ein tidleg alder. Viss me skal møta lesekrisa me står i no, bør skulebiblioteksektoren rustast kraftig opp slik at alle skulebibliotek i landet har føresetnader for å vera med på ei ordning som dette, seier Skåden.
Åfarnes skule i Rauma kommune er ein av skulane som i dag får bøker gjennom ordninga fram til og med 2026. Skulebibliotekar Line Bakken Dahle fortel at bøkene frå Kulturrådet har gitt eit mykje meir innbydande og levande bibliotek på skulen.
– Me ser også at leseinteressa til elevane og leseglede har auka og at utlånet har gått kraftig opp etter at me fekk vera med i prosjektet. Leseglede er smittsamt og elevane tilrår også gjerne bøker til kvarandre, seier Dahle.
Fleire nye titlar og fleire nye skulebibliotek
I dag har Kulturrådets skulebibliotekordning eit budsjett på 10,5 millionar kroner. I statsbudsjettet for 2025 er det foreslått 13,1 millionar kroner i friske pengar til ordninga. Av desse er 8,1 millionar foreslått over statsbudsjettet, medan 5 millionar er vigde spelemidlar. Midlane er ei oppfølging av leselyststrategien til regjeringa. Budsjettet blir behandla av Stortinget i desember.
Gjennom leselyststrategien ligg det også inne eit forslag i statsbudsjettet om auka midlar til innkjøp av litteratur for barn og unge gjennom Kulturrådets innkjøpsordningar. I tillegg blir innkjøpte titlar for omsett litteratur med målgruppe barn og unge med i skulebibliotekordninga frå og med 2025. Det betyr at elevane får eit større og breiare utval av nye bøker på skulebiblioteket sitt.
Skular kan no søkja for perioden 2025 til og med 2026
Kulturrådets skulebibliotekordning sørgjer for innkjøp og distribusjon av bøker for barn og unge til skulebibliotek i grunnskulen. Bøkene blir kjøpte inn over Kulturrådets innkjøpsordningar. Skular kan no søkja om å delta i ordninga frå 2025 til og med 2026.
I vurdering av søknader blir det lagt vekt på organisering av skulebiblioteka og planar for litteraturformidling. I tillegg sest det på geografi, sosioøkonomiske omsyn og avstand til folkebiblioteket.