24 millionar i tilskot frå Fond for lyd og bilete
Sondre Ferstad sitt kommande album «Pieces of Wood» og 279 andre kunst- og kulturprosjekt får tilskot frå Fond for lyd og bilete.
Til søknadsfristen i februar fekk Fond for lyd og bilete 1832 søknadar. I nyare tid har det berre ved eitt høve kome inn fleire søknader, og det var i pandemiåret 2022. Styret har no løyvd tilskot på til saman 24 409 000 kroner til 280 prosjekt over heile landet frå alle dei ti tilskotsordningane i fondet.
Bestillingsverk blir album
Blant dei som får tilskot, er musikar Sondre Ferstad. Musikken frå bestillingsverket «Pieces of Wood» til Trondheim Jazzfestival 2024 blir til albumet med same namn.
– «Pieces of Wood» er ein hyllest til skapargleda! I eit samfunn der vi kan betale oss ut av dei fleste problem, har vi slutta å lage ting sjølv. Eg trur vi har mista noko veldig viktig på vegen og har lyst til å vise kor vakkert det er å lage noko. Derfor har eg skrive eit verk der ein trekunstnar står side om side med musikarar på scena, seier Ferstad i ei pressemelding.
– Å lage noko sjølv skaper større respekt for tinga vi omgir oss med, og står i kontrast til bruk-og-kast-mentaliteten. Eg trur ikkje at vi reddar verda med å lage våre eigne brødfjøler, men eg trur at det å vekkje det skapande i mennesket vil auke respekten for naturen vi omgir oss med.
33 år gamle Ferstad voks opp på Skodje på Sunnmøre og bur for tida i Molde. Han har gått på jazzlinja ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) og har tidlegare gitt ut to album. Han har mellom anna vore på turné med forfattaren Lars Saabye Christensen som skreiv dikt til Ferstad sin musikk.