223 prosjekt får tilskot frå Fond for lyd og bilete
Dokumentarfilmen Hvalmysteriet av Tonje Hessen Schei og Von Mørner AS er blant dei som får tilskot gjennom dei siste tildelingane fra Fond for lyd og bilete i år.
Styret i Fond for lyd og bilete har vedtatt tilskot på nærare 21 millionar kroner til 223 prosjekt over heile landet. Totalt kom det inn 1 443 søknader.
– Søknadsmengda til Fond for lyd og bilete har auka mykje dei siste åra, og det er langt fleire prosjekt av høg kvalitet enn vi har midlar til å støtte. Vi ser også ein auke i talet på søknader frå nye aktørar som tidlegare ikkje har søkt tilskot frå oss. Eg håpar at fleire av dei gode prosjekta som dessverre ikkje nådde opp denne gongen kjem tilbake i framtidige søknadsrundar, seier styreleiar Susanne Næss Nielsen.
Fond for lyd og bilete fekk i denne runden prosjektsøknader på i overkant av 148 millionar kroner. 15 prosent av søknadene vart innvilga.
– Vi ser at kostnadsnivået har auka drastisk for søkjarane, og at det bidreg til å auke presset på absolutt alle ordningane, seier Næss Nielsen.
Kan kunstig intelligens løyse hvalmysterie?
Eitt av prosjekta som fekk tilskot denne gongen, er dokumentarfilmen Hvalmysteriet av Tonje Hessen Schei produsert av Von Mørner AS. Filmen følgjer ei gruppe vitskapsfolk og teknologar som søkjar etter å løyse mysteriet om kvifor tusenvis av kvalar kvart år strandar. Ved hjelp av kunstig intelligens prøver dei å dekode kommunikasjon mellom artar, noko som for alltid kan forandre forståinga av naturen. Filmen vil bli ferdig i 2026.