Kulturrådet gir tilskot til 14 nye kunstnarassistentar
Den samiske kunstnaren Hans Ragnar Mathisen får, gjennom Kunstnarassistentordninga, arbeide med den unge, taiwanske kunstnaren, Lin Pei-Han, i eitt år. - Slike samarbeid er utan tvil med på å løfte kunstfeltet, seier utvalsleiar i Kulturrådet.
Hans Ragnar Mathisen, med samisk namn Elle Hánsa, er ein av dei 14 etablerte kunstnarane som gjennom Kunstnarassistentordninga, ein av Kulturrådets tilskotsordningar, får tilsette ein mindre etablert kollega som assistent i eitt år. Assistenten som skal jobbe saman med Mathisen i Tromsdalen i året som kjem, er den taiwanske, unge kunstnaren Lin Pei-Han.
Alle tildelingane til Kunstnerassistentordninga
Felles interesse for urfolk
Hans Ragnar Mathisen var ein av grunnleggarane av MASI-gruppa, eit samisk kulturopprøyr som blei forløparen til Samisk kunstnerforbund. Han reiste til Taiwan på 70-talet, da han var på Lin Pei-Hans alder. Da Mathisen vart tildelt samisk ærespris i 2012, vektla juryen mellom anna nettverka han har etablert med andre urfolk, særleg i Asia, samt Sámi Naga vennskapsforening og Nanafestivalen, der mellom anna solidaritet og fellesskap har vore sentralt.
- Det betyr så mykje for meg at eg kan arbeide med ein yngre kunstnar, og det gir meining i høve det tidlegare opphaldet mitt på Taiwan 1979-80. Det skal også bli fint å få ein assistent i arbeidet mitt. Eg byrjar jo å bli gammal no, seier Mathisen (77).
Pei-Han peikar i søknaden sin på fleire overlappingar i interesse for og tematisering av urfolkproblematikk. Og sjølv om dei har ulike metodar har dei den same tilnærminga til tema.
- Etter å ha lese bestefaren min sin biografi, var eg sjokkert over å lære at Taiwans kolonihistorie var veldig lik det som skjedde i Noreg på 50- og 60-talet. Eg har nesten mista morsmålet mitt, taiwansk, fordi eg aldri fekk lære det på skulen og det var skamfullt å snakke det i offentlegheita, skriv ho.
Pei-Han bur for tida i Trondheim og har dei siste månadane jobba med eit prosjekt om konsekvensane på reindrift frå vindturbinar på Fosen.
Stort potensiale for kunnskapsoverføring
Føremålet med kunstnarassistentordninga er å bidra til røynsle- og kompetanseoverføring mellom etablerte og nyutdanna kunstnarar, samt profesjonalisere og auke inntektsmoglegheitene for begge partar. Utvalet har i denne runden av tildelingar lagt særleg vekt på potensialet for kunnskapsoverføring, og såleis for utvikling i kunstnarskapa – både hos den etablerte og den mindre etablerte kunstnaren.
Leiar for fagleg utval for visuell kunst, Marianne Bjørnmyr, forventar noko særskilt frå akkurat dette prosjektet.
- I møtet mellom desse kunstnarane er det lagt vekt på gjensidig inspirasjon og læring, felles utvikling og kompetanseutvikling. Dei brukar kunsten i arbeidet med å gjenopprette eigne forhold til etnisitet, og også gjennom eit medvit rundt bruk av berekraftige materialar, seier Bjørnmyr.
Utvalet la vekt på måten søkaren og assistenten reflekterte rundt det faglege så vel som arbeidslivsmessige og sosiale i eit potensielt samarbeid. Ville dei kunne jobbe godt saman og ha gjensidig fagleg og nettverksmessig utbytte? Slike spørsmål kjem i tillegg til meir llmenne kriterier i tildelingar frå Norsk kulturfond, som kvalitetar i kunstnarskap, og kunstnarisk aktivitet.
Nøgd med mangfaldet
Dei 42 som søkte ordninga i desember 2022 blei vurdert grundig av fagleg utval for visuell kunst, ut frå litt annleis kriterier enn det som blir gjort i Norsk kulturfonds andre ordningar for visuell kunst.
Bjørnmyr er godt nøgd med samansettinga av kunstnarar i årets tildelingsliste.
- Det er eit særleg godt mangfald i søknadane. Tildelingslista har heile breidda av aldersgrupper, og fleire internasjonale aktørar og nyetablerte kunstnarar som blir att i Noreg etter endt utdanning. I årets tildelingsliste ser vi nye uttrykk, produksjonsmåtar og formidlingsformar, nye arenaer og annan organisering av det kunstnariske arbeidet - samarbeid som utan tvil er med på løfte kunstfeltet.
Ei viktig investering i unge kunstnerskap
Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen meiner Kunstnarassistent-ordninga har blitt ein veletablert praksis på det visuelle kunstfeltet, der yngre kunstnarar utviklar seg gjennom samarbeid med etablerte kunstnarar.
- Kunstnarassistentordninga legg godt til rette for slike verdifulle møter, og eg vil gratulere alle dei 28 kunstnarane som no får sjansen til å realisera slike samarbeid. Denne ordninga er ei viktig investering i unge kunstnarskap, ikkje minst når det gjeld erfaringsoverføring og profesjonalisering av nyutdanna kunstnarar, seier Trettebergstuen.