Det vi gjer er hemmeleg. Hardcore punk - ein musikalsk byggeplass
Korleis går eigentleg dei skapande praksisane føre seg innan subkulturelle musikalske uttrykk? I dette essayet tek Sigrun Sæbø Åland, frontfigur i bandet Dräumar, oss med inn på den musikalske byggeplassen til hardcore punk.
Alt i hardcore punk (punk frå no) går tre gongar raskare enn i andre sjangrar. Fyrst og fremst musikken. Lengda på ei låt, lengda på ein tekst, lengda på ei skive eller lengda på ein konsert. Deretter skapande prosessar, levetida på musikalske prosjekt, bytte av stafettpinnen for dei som sit med definisjonsmakt, og så vidare. Dersom ein er effektiv kan ein fint spele inn ein heil LP på ei helg. Det er heller ikkje uvanleg at populære bandprosjekt berre varar eit par år.
Forklaringa på dette kan vere at publikum vil ha spontanitet, umiddelbar råskap og uprosesserte kjensler. Ikkje noko som har marinert i årevis eller blitt finpussa, evaluert og revaluert i fleire omgangar. Eller kanskje er dei som lagar musikken minst like utolmodige som tilhøyrarane. Med stadig nye prosjekt og idéar, nye konstellasjonar og nye uttrykk som må utforskast.
I punken eksisterer skapar, utøvar, publikum og arrangør i ei slags symbiose. I gjensidig avhengigheit. Med fingeren på pulsen til kvarandre og med ei kollektiv forståing av kvar ein er på veg.
Vi trivst i skuggen
Sjølv om punken har blitt godt skildra, drøfta og analysert i akademiske samanhengar, finst det per no ingen musikkinstitusjonar i Noreg som har kompetanse på skapande prosessar og kunstnariske praksisar i denne sjangeren. Og kanskje er det slik det må vere. For kva er vel punken om den ikkje får eksistere som ein lovlaus rebell utanfor det etablerte, utanfor det kommersielle og utanfor institusjonane? Uavhengig av alle andre enn seg sjølv. Punken som går i hundre kilometer i timen og endrar seg så raskt at berre dei med begge beina planta midt i sjangeren lukkast i å skildre den.
Kva vil skje med ein sjanger tufta på opposisjon og subkultur om ein tek den vekk frå scena og legg den under lupa til nokon som vil plukke den frå kvarandre for så å setje den saman att? Og korleis skal ein kunne reprodusere politiske tekstar og nihilistiske bodskap med riktig dose patos og rett balanse spøk og alvor om ein ikkje sjølv kjenner utanforskapen på kroppen?
Eg trur dei fleste i punkscena vil vere einig i at punken høyrer til utanfor dørene til konservatoriet og institusjonane for øvrig. Men på ein måte er det noko vemodig med denne rotlause eksistensen. Det er nesten ingen som kjenner punken, og den blir kanskje ikkje teken heilt på alvor. Det vil seie, den blir jo teken på alvor i akademia og hjå eit særs dedikert publikum verda over. Men i nisselandet Noreg har vi visst ikkje for vane å gi så mykje merksemd til ukommersielle musikalske uttrykk.
Ein finn ikkje mykje punk i støtteordningane heller. Punken er ikkje oppteken av økonomisk vinning og den rapporterer ikkje til nokon. Eg trur heller ikkje mange punkarar ser på seg sjølv som kunstnarar. Særskilt ikkje i ei tradisjonell forståing av omgrepet der den store kunstnaren kan posisjonere seg over nokon andre i eit slags hierarki.
I punken er det flat struktur og ein gjer alt sjølv. Alle ledd i produksjonen er non-profitt. Og sidan publikum framleis kjøper skiver i fysisk format treng ein kanskje ikkje så mykje pengestøtte heller. Punken er ikkje ein kunstnar. Den er ein handverkar med trælar i hendene, ein som får vere med vidare når revolusjonen kjem.
Eg trur eigentleg ikkje at punken treng anerkjenning og lovord frå verken offentlege instansar eller resten av musikk-Noreg. Den har god sjølvtillit, trivst i skuggen og er levedyktig som ein kakkelakk. Men den har ei rik historie som fortener ein plass, og den fortener at dei som fortel historia faktisk kjenner den.
Når punken dukkar opp i norsk media eller i konserveringssamanhengar er det gjerne dei same menneska som gong på gong prøvar å seie noko fornuftig om eit fenomen som for lengst har gått dei hus forbi. Framstillinga blir unyansert, ukorrekt og noko vi som er aktive i scena ikkje kan kjenne oss att i. Mange vil for eksempel ha det til at punken er død. Dette kunne ikkje vore lenger frå sanninga.
Til liks med eposet om Black Metal, som gradvis har snike seg inn i norske hushaldingar, er punken full av saftige forteljingar, lyssky aktivitetar, døde heltar og banebrytande musisering. Norsk punk er internasjonalt anerkjent og har vore med å forme sjangeren. Og ingen kan nekte for at punken har hatt musikalske og kulturelle ringverknadar langt utanfor seg sjølv.
Tradisjon
Alle som driv på med musikk tek på ein eller fleire måtar del i ein tradisjon. Det er veldig lite som er så nyskapande eller obskurt at ein ikkje har med seg ei heil rekke skapande praksisar på lasset. Dette gjeld også punken. Sjølv om den stadig er i endring er den også påfallande uniform, og sjangeren har ein tendens til å herleggjere musikalsk og visuell estetikk frå dei formative åra kring 1980.
Mange teiknar cover art med tusj, brukar kopimaskiner eller skrivemaskiner for å lage plakatar, tek opp musikk på ein firespors opptakar i øvingslokalet og trykker demoen sin på kassett. Alt dette funkar. Scena er underleg dedikert til det analoge formatet og full av lidenskaplege samlarar. Fanziner, buttons og t-skjorter blir rive vekk, og dei populære banda sel gjerne ut mange opplag av vinylen sin.
Det ligg sjølvsagt mykje punk på strøymetenestene òg, men Spotify, Tidal og iTunes er ikkje viktige kanalar for sjangeren. Mange band er ikkje interesserte i å legge opp musikken sin, og om den likevel hamnar der er det ytst få som registrerer seg i nokon av vederlagsorganisasjonane. Ein treng ikkje innteningsmodellane til den kommersielle musikkbransjen, LP-salet går som smurt og ein får krølla hundrelappar rett i handa. Ingen mellomledd. Dessutan er ein ikkje med på premissane til dei kommersielle aktørane, og det kjennest godt å bygge noko berekraftig utan å gå på kompromiss med seg sjølv.
Du blir det du et
Når det kjem til korleis ein skaper, liknar nok punken andre sjangrar utanfor meisterlæra og skulebenken. Musikken er ofte riffbasert og ein snakkar lite om toneartar, akkordprogresjonar, skalaar eller taktartar når ein skildrar eller lagar den. Ein brukar heller ikkje notar eller tabulatur. Ein set språk på konkrete sjangermarkørar, og lærer ved å terpe. Det einaste ein noterer er settlister.
Ein lærer seg å spele punk med utgangspunkt i innspelingar, konsertopplevingar eller dei ein spelar med. Ikkje i kulturskulen eller på konservatoriet. Ein hermar til ein får det til. Trompetisten Clark Terry brukte orda imitate, assimilate og innovate for å skildre læringsprosessar og skapingsprosessar i jazz og improvisasjon. Desse tre stega er ei enkel forklaring på ei typisk musikalsk læringskurve. Korleis ein går frå å lytte og herme, til å gjere stoffet til sitt eige og skaper noko unikt. Desse tre stega let seg godt overføre til punken.
Imitate
Ein lærer punk på øyret. Kanskje går ein i korps eller kulturskule som liten og lærer seg å spele marsj, jazz eller rock, og dette vil sjølvsagt vere eit godt fundament. Men eg har endå til gode å møte ein kulturskulelærar som underviser i D-beat . Det blir nærliggande å dra linjer til folkemusikken. Musikken er ikkje tradisjonelt nedteikna så ein lærer av andre gjennom å lytte og herme. Folkemusikken er levande, godt forankra i kulturelle praksisar og baserer seg på munnleg overlevering. I utgangspunktet bruksmusikk – ikkje kunstmusikk. Nett slik er punken og. No har rett nok folkemusikken blitt institusjonalisert og ser ikkje ut til å lide nemneverdig av dette. Men punken er jo berre eit barn til samanlikning. Og der det gjev meining å konservere den urgamle folkemusikken, har punken framleis mange tidsvitne som hugsar, eller i alle fall var fysisk til stades i 1982.
Assimilate
Som utøvar, uansett sjanger, er det viktig å få inn ein grunnteknikk og internalisere det ein skal framføre. Dersom ein har brukt tilstrekkeleg tid på å lytte og herme er det tid for å gjere stoffet til sitt eige. Lære seg reglane før ein kan bryte dei og så vidare. I punken er det ingen kompositoriske reglar. Ingen strenge formprinsipp, ingen sjangerpoliti og ingen lang tradisjon å respektere. Men ein har rammer. Og det er ein heil haug undersjangrar, stilistiske grep, lydlandskap og uttrykk å velje mellom. Desse vala er viktige i den skapande prosessen. Det er òg viktig korleis ein leverer dei, for punk er ikkje berre ein sjanger. Punk er ei haldning og ein livsstil.
Det er freistande å dra opp diskusjonen om autentisitet versus performativitet, men å drøfte kven som er ekte punks og kven som er posers har aldri vore særskilt interessant i mi bok. Når alt kjem til stykket er det viktigaste at du føler og eig det du driv med. Det finst mange innfallsvinklar til punk, men du blir raskt avslørt om du ikkje eig uttrykket ditt og meiner det du formidlar.
Ein annan ting som er verdt å nemne er at det er eit blodslit å spele punk. Nokon kan bli så utmatta etter 20 minutt på scena at dei kastar opp. For ikkje berre å overleve, men også å levere på ein lang turné, er det best å vere i form. Og motivasjonen må komme innanfrå, for som eg allereie har nemnt er det ikkje pengar i punk. Gulrota kjem i form av eit internasjonalt scenefellesskap. Eit kreativt samarbeidsprosjekt fullt av idealistiske eldsjeler som jobbar for same mål. Ein verdsomspennande dysfunksjonell familie.
Innovate
Punken diskriminerer ikkje. Og så lenge du ikkje diskriminerer, vil du truleg finne ei scene å stå på. Om du er virtuos på downstrokes eller akkurat har byrja å klimpre i øvingslokalet på Blitz, får du bryne deg på eit ekstremt eksplosivt publikum. Det er ei bratt læringskurve. Men kva kjenneteiknar den punken som set spor og som skapar ringverknadar, større enn seg sjølv? Kanskje er det den punken som trass i alt eg har skrive så langt, faktisk tek seg tid til å dyrke, analysere og forankre uttrykket sitt.
I følge Clark Terry kjem den verkelege skapinga når ein har herma, lært seg eit slags handverk og gjort stoffet til sitt eige. Det er då det personlege uttrykket kan ta form. Dette krev god kodeforståing og riktig teknikk. Sjølv om punken er uskolert og kan framstå rudimentær og primitiv, er handverket like krevjande å lære seg som i andre sjangrar. Og så er det dette med nerve og nærvær igjen. Ein må meine det ein skal framføre, og levere med hud og hår.
Punken diskriminerer ikkje. Og så lenge du ikkje diskriminerer, vil du truleg finne ei scene å stå på.
Eg har vore inne på det tidlegare. Punken blir ikkje alltid teken på alvor av dei uinnvidde. Ein kan på ny trekke linjer til jazz. Særskilt frijazzen, som ofte har blitt beskulda for å berre vere bråk. At kven som helst kan gjere det, som om musikken ikkje har nokon reell eigenverdi eller kvalitet. Slik er det med punken og. Visst er det bråkete, men kreative uttrykk må ikkje vere vakre, polerte eller skolerte. Det er system i bråket, og for oss som har kodeforståing, er støyen vakker. Ikkje berre vakker, men original, innovativ og banebrytande. "Art should comfort the disturbed and disturb the comfortable", sa den meksikanske poeten Cesar A. Cruz. Er punk kanskje kunst likevel?
Musikalsk bygningsarbeid
La meg avslutningsvis prøve å skildre ein typisk skapande prosess slik den kan arte seg hjå meg og dei eg lagar musikk saman med. For ordens skuld – det finst mange vegar til Rom, og ulike bandkonstellasjonar jobbar på ulike måtar. Nokon jammar fram alt, andre er planmessige og nøyaktige. Dette er altså ikkje ei oppskrift, snarare eit forsøk på å sette ei rekkje kreative impulsar inn i eit slags laust system.
Ein vag idé
Ein spesifikk effektpedal, ein trommebeat, ei avgjerande hending eller ei inspirerande bok. Noko som triggar kreativ flyt eller hyperfokus. Plutseleg dukkar det opp riff i hovudet som eg plystrar inn på mobilen på bussen før eg rekk heim for å prøve det på bassen eller gitaren. Sakte men sikkert dannar det seg eit mentalt fundament og eit musikalsk reisverk. Fleire riff blir til, halvparten blir forkasta medan nokon blir implementert i andre bandprosjekt. Utan å heilt ha definert kva ein jobbar med er det tid for å stille dei grunnleggjande spørsmåla: Kan dette bli noko? Kven vil høyre på det?
Å gje slepp
Den vage idéen blir delt med andre. Plutseleg er vi fleire som hamrar laust på det musikalske reisverket. Vi diskuterer kven som bør spele kva instrument. Kanskje småkranglar vi litt om korleis dette førebelse tankeeksperimentet eigentleg bør sjå ut. Riff blir delt, fleire kjem til, vi jammar litt saman, og plutseleg har vi eit par låtskisser. Er vi eit band no, eller berre ein laust samansett konstellasjon av menneske med ulik kjensle av engasjement og forplikting?
Fundamentet byrjar å slå sprekker og den originale idéen er i ferd med å bli utvatna. Det er no ein må ta eit steg tilbake, evaluere det ein har framfor seg og bestemme seg. Å gje slepp handlar om å samarbeide. Erfaringa mi tilseier at ting blir betre når ein samarbeider, men eg kjenner alltid eit stikk av panikk når idéen eg har vore så dedikert til får sitt eige liv.
Opp av kjellaren
Neste steg er kjellaren. Garasjen. Øvingslokalet. Her er det lurt å bruke litt tid. Var det eit par av dei låtskissene som kanskje ikkje fungerte optimalt? Det er kjekt å lage rask musikk raskt og spele den endå raskare, men det er også fint å bruke litt ekstra tid på form og sound. Og ikkje minst på å bli tighte. Å forstå kvarandre. Å kunne spå neste trekk. For ekstremt rask musikk som ikkje er tight er ikkje nødvendigvis bra. Ein må ha fingeren på pulsen til kvarandre her og. Lære ting så godt at ein slepp å tenke. La kroppen overta styringa.
Forløysinga
Neste steg er å klippe navlestrengen. Ein må stole på at ein har gjort ein god nok jobb. Godta at den siste miksen av sjutommaren er ei avstøyping av eit konkret tidspunkt i eins eiga musikalske utvikling. Eit hermetisk segla tidsvitne. Stole på at produktet ikkje berre er levedyktig, men verdifullt, sjølv om ein allereie ser ting ein kunne endra. Litt som å sleppe tenåringen sin på fest og håpe at hen gjer riktige val. Sjølv om hen er full av hormonar og frontallappen ikkje er ferdig utvikla. Punken sin frontallapp blir kanskje aldri heilt utvikla. Det er dette som er sjølve magien i sjangeren. Nerve, nærvær, råskap.
Fakta om hardcore punk
Hardcore punk er ein undersjanger av punk som vaks fram tidleg på 80-talet. Som namnet kanskje tilseier er musikken hardare, raskare, meir teknisk og gjerne meir aggressiv enn den opphavlege punken. Hardcore punk har sterke subkulturelle band og opererer stort sett utanfor rammene av den kommersielle musikkbransjen. Av norske pionerar innanfor sjangeren kan ein nemne band som Bannlyst, Fader War, Betong Hysteria, Svart Framtid, Siste Dagers Helvete, Barn av regnbuen og So Much Hate.
1. Når eg skriv om hardcore punk, eller punk i denne artikkelen er det den autonome, ukommersielle punkscena eg tek føre meg. Det finnast sjølvsagt og punk i meir etablerte hjørne av musikk-Noreg, men når ein snakkar om hardcore punk refererer ein gjerne til denne «harde kjernen» av band som er dedikerte til å gjere ting sjølv, på sin eigen måte, uavhengig av kommersielle aktørar.
2. D-beat er ein undersjanger av hardcore punk kjenneteikna av ein karakteristisk trommebeat.
Skapende praksiser i musikk
- De skapende praksisene i musikken er i stadig bevegelse. Dette kommer til syne både i musikklivet, og i søknadsbunkene til Kulturrådet.
- I 2021 lanserte Kulturrådet derfor forskningssatsingen "Skapende praksiser i musikk" som del av Norsk kulturfonds innsats for langsiktig og grunnleggende kunnskapsdannelse om kultursektoren. Målet er å løfte en bredde av innsikt om skapende praksiser slik de eksisterer med ulike kompetanser, håndverk og framgangsmåter i ulike deler av samfunnet. Forskningsprogrammet skal bidra til kunnskap om hvordan og innenfor hvilke kontekster musikk i dag komponeres, skapes og produseres.
- I 12 forskningsartikler undersøkes blant annet begrepsforståelser, metoder, kompetanser, arbeidsformer og utviklingstrekk både innenfor og på tvers av fagområder og tradisjoner i musikken. Våren 2024 utgir Fagbokforlaget en forskningsantologi der resultater fra de 12 forskningsprosjektene i programmet er samlet.
- Kulturrådets utvalg for forskning og utvikling er ansvarlig arbeidet, som gjennomføres etter initiativ fra Kulturrådets musikkutvalg for produksjon, komposisjon og andre musikktiltak.
Essaysamling
- Som resultat fra satsingen publiseres 14 essay om å lage musikk på Kulturrådets nettsider. Disse slippes enkeltvis fra september 2023, og vil samles fortløpende på nettsiden: kulturdirektoratet.no/skapende-praksiser-i-musikk
Kulturrådet sine utgjevingar omfattar forsking- og utredningsarbeid med relevans for Kulturrådet, for norsk kulturliv og for forskarar på kulturfeltet. Dei vurderingar og konklusjonar som kjem til uttrykk i utgjevinga, står for den enkelte forfattar si rekning og avspeglar ikkje nødvendigvis oppfatningane til Kulturrådet og Kulturdirektoratet.
Biografi
Sigrun Sæbø Åland har ei mastergrad i musikkvitskap frå Universitetet i Oslo (UiO) og jobbar til dagleg med kommunikasjon. Sidan 2010 har ho vore involvert i ei rekke bandkonstellasjonar innanfor hardcore punk-sjangeren. I tillegg lagar ho fotoziner og bookar konsertar i Oslo. Åland er frontfigur i bandet Draümar.