1,85 millionar kroner til norsk-islandske kulturprosjekt
Kulturdirektoratet har i samarbeid med Det islandske ministeriet for kultur gitt 11 prosjekt tilskot for norsk-islandske samarbeidsprosjekt.
I årets søknadsrunde kom det inn 31 søknader med ein samla søknadssum på over 5,4 millionar kroner. Det var totalt 1,85 millionar kroner i potten for 2023.
Vandreframsyning, døgnfluger og islandsk litteratur
Blant prosjekta som får tilskot, er «Tsunami gathers interdisciplinary artists». Dette er ei vandreframsyning der ein ser nærare på korleis publikum som gruppe opplever det å bli leia gjennom framsyningar. Prosjektet involverer kunstnargrupper frå Noreg og Island.
Prosjektet «Døgnfluer» ønskjer å inspirere kunstnarar og andre unge til å ta sjansar, samarbeide på tvers av nasjonar, felt, sjangrar, alder og bakgrunn, og skape aktivitet. Fem islandske utøvarar skal delta på eit arrangement i Oslo i mai 2023, og fem norske utøvarar og produksjonsteamet frå «Døgnfluer» skal delta på eit arrangement i Reykjavik i oktober.
Islandsforeningen i Oslo fyller 100 år i 2023 og har i samband med dette ein festival for å gjere islandske forfattarar meir kjende og tilgjengelege for det norske publikumet. Dei siste 6 åra har det i snitt berre blitt omsett 5,2 titlar per år. Omsetjing av islandsk litteratur til norsk møter utfordringar. Som ein del av prosjektet skal det utarbeidast ein rapport som skildrar vilkåra for utgivingar/omsetjingar av islandsk litteratur til norsk.
Norsk-islandsk kultursamarbeid
Norsk-islandsk kultursamarbeid har søknadsfrist éin gong i året, og søknadene blir vurderte av administrasjonen i Kulturdirektoratet i samarbeid med Det islandske kulturministeriet. Norske og islandske kulturaktørar kan søkje tilskot til samarbeidsprosjekt som medverkar til eit mangfaldig kultursamarbeid, og som gir varig kontakt mellom kunstnarar, kulturarbeidarar og kulturinstitusjonar i dei to landa. Tiltak som får tilskot, skal ha relevans for begge landa og vere organiserte som eit samarbeid der aktørar i båe land medverkar til det kulturfaglege innhaldet og/eller i gjennomføringa. Til saman skal prosjekta representere eit mangfald av kunstnarlege uttrykk og kulturfaglege disiplinar, og me vil prioritere både historiske og samtidsretta tiltak.