Over 12 000 søknadar til Statens kunstnarstipend: No er vedtaka klare
18. mars får 1003 kunstnarar Statens kunstnarstipend. – Å satse på kunsten er å investere i demokrati og fellesskap. Det er særleg viktig i tida vi lever i no, seier fungerande utvalsleiar Arnfinn Bjerkestrand.
Statens kunstnarstipend er tilskot som går direkte til enkeltkunstnarar slik at dei kan fordjupe seg i kunstnariske prosjekt som dei sjølv definerer. I år kom det inn over 12 237 søknadar frå kunstnarar i 23 ulike kunstnargrupper over heile landet. Alderen på søkjarane går frå starten av 20-åra til over 80 år. Utvalet for Statens kunstnarstipend har no bestemt kven som får tilskot.
– Å satse på kunst og kultur er å investere i demokrati og fellesskap. Det er særleg viktig i ei usikker og krevjande tid som no. Kunstnarar må sikrast gode levekår til å jobbe med fri og uavhengig kunst. Det kjem heile samfunnet til gode, seier fungerande utvalsleiar for Statens kunstnarstipend Arnfinn Bjerkestrand.
44 nye stipendheimlar i 2024
Regjeringa styrka Statens kunstnarstipend med 20 millionar kroner i statsbudsjettet for 2024.
– Stipenda er viktige for å sikre at kunstnarar får tid og rom til å drive med kunstnarisk utviklingsarbeid og stipenda går direkte til kunstnarskap. Regjeringa styrkte ordningane under Statens kunstnarstipend med 20 millionar kroner for 2024 og det betyr mellom anna 44 nye stipendheimlar til fordeling i år. Dette er med på å sikre fleire kunstnarar ein meir stabil og føreseieleg økonomi i ei krevjande tid, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Stor konkurranse om midlane
Det rekordstore talet på søknadar vitnar om høg kunstnarisk aktivitet og kvalitet i Noreg. Konkurransen om midlane er stor.
– Vi har 120 representantar i 23 komitear som har vurdert søknadene. Dei har gjort tøffe prioriteringar og svært mange kvalifiserte søkjarar får avslag. Dersom vi skal følgje opp kulturmeldingas mål om levande kunstnarmiljø over heile landet, er ei framleis styrking av kunstnarstipenda det mest effektive tiltaket. Utvalet vil halde fram med å jobbe for det, seier Arnfinn Bjerkestrand.
Sjå alle tildelingane her
Nøkkeltal Statens kunstnarstipend 2024
statens kunstnarstipend 2024 | |
---|---|
Talet på søknadar | 12 237 |
Talet på søkjarar | 5039 |
Talet på tildelingar | 1003 |
statens kunstnarstipend 2024 | |||
---|---|---|---|
Stipendtype | Søknadar | Tildelingar | Prosent |
Arbeidsstipend | 4214 | 247 | 6 % |
Arbeidsstipend for yngre/nyetablerte kunstnarar | 2001 | 111 | 6 % |
Stipend for etablerte kunstnarar | 967 | 35 | 4 % |
Stipend for seniorkunstnarar | 328 | 9 | 3 % |
Diversestipend | 4311 | 355 | 8 % |
Diversestipend for nyutdanna kunstnarar | 416 | 246 | 59 % |
Totalt | 12 237 | 1003 | 8 % |
statens kunstnarstipend 2024 | |||
---|---|---|---|
Fylke | Søknadar | Tildelingar | Prosent |
Agder | 327 | 15 | 5 % |
Innlandet | 360 | 38 | 11 % |
Møre og Romsdal | 161 | 8 | 5 % |
Nordland | 193 | 13 | 7 % |
Oslo | 5990 | 538 | 9 % |
Rogaland | 440 | 27 | 6 % |
Svalbard | 4 | 0 | 0 % |
Troms og Finnmark | 342 | 35 | 10 % |
Trøndelag | 657 | 59 | 9 % |
Utlandet | 493 | 53 | 11 % |
Vestfold og Telemark | 441 | 20 | 5 % |
Vestland | 1274 | 102 | 8 % |
Viken | 1555 | 95 | 6 % |
Totalt | 12237 | 1003 | 8 % |
NB! Søknadsfristen for Statens kunstnarstipend var før den nye fylkesinndelinga frå 2024. Derfor er fleire fylke her omtalt ved tidlegare namn.