Kulturrådet gir tilskot til 14 frie scenekunstgrupper
Dybwikdans som lagar framsyningar for dei aller minste barna er ein av 11 etablerte scenekunstgrupper som får tilskot over ei ny ordning i Kulturrådet. Tre grupper får tilskot gjennom kunstnarskapsstøtta.
I statsbudsjettet for 2024 vart det løyvd 19,4 millionar kroner til ei ny tilskotsordning for etablerte scenekunstgrupper. Målet er at dei kan halda fram med å produsera god og spennande scenekunst i åra framover.
– I år kom endeleg den etterlengta ordninga for etablerte scenekunstgrupper på plass. Med denne nye ordninga har regjeringa sørgja for at fleire scenekunstnarar i det frie feltet får ein meir føreseieleg og trygg arbeidskvardag, samtidig som publikum vil få tilgang til variert og nyskapande scenekunst av høg kvalitet. Eg er glad for at Kulturrådet no har satt ordninga ut i live, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Stor bredde i kunstnarskap
Per Ananiassen leier fagleg utval for etablerte scenekunstverksemder i Kulturrådet. Dei siste dagane har utvalet gjort tøffe prioriteringar mellom svært mange gode kunstnarskap.
– Det er viktige og profilerte scenekunstnarar med ulike kunstnariske uttrykk og målgrupper som har søkt denne ordninga. Dei treffer publikum lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Eg er glad for at Kulturrådet nå kan gi 11 scenekunstgrupper økonomisk føreseielegheit til å skape kunst som treffer eit mangfald av publikumsgrupper, seier Ananiassen.
– Publikum kan glede seg
Blant dei som får tilskot er Dybwikdans som lagar framsyningar barn mellom 0 og 5 år. På lista finn vi òg samfunnsdebattantar som Morten Traavik og internasjonalt anerkjende koreografar som Ingun Bjørnsgaard og Alan Lucien Øyen.
– Vi oppretta denne ordninga for å sikre eit godt og mangfaldig scenekunsttilbod. Tildelingane frå Kulturrådet famnar breidt, og eg trur dette vil gi mange av dei mest erfarne scenekunstgruppene våre gode vilkår slik at publikum framleis får tilgang på nye og spennande opplevingar i tida som kjem. Det er berre å glede seg, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Sjå alle vedtaka til fri scenekunst – etablerte kompanier
Kulturrådet håpar ordninga styrkast
Per Ananiassen fortel at Kulturrådet i denne runden ville få mest mogleg pengar ut i feltet. Det kjem ei utlysing igjen neste år, men det er få midlar igjen.
– Kulturrådet håpar sjølvsagt på ei vidare styrking av denne satsinga på etablerte verksemder i scenekunstfeltet, da det framleis er mange kvalifiserte søkjarar som fortener denne støtta.
Tre kompani får kunstnarskapsstøtte
Kulturrådet gir òg kunstnarskapsstøtte over fleire år til kompania Spreafico Eckly, Lisa Lie og Susie Wang. Dei to første har ikkje tidlegare fått tilskot over denne ordninga.
– Vi er utruleg heldige som har disse tre kunstnarskapa som er så spesifikke i utrykka sine. Deira kunstnarskap og produksjonar vil skape nysgjerrigheit og engasjement hos publikum, seier Hooman Sharifi, leiar av fagleg utval for dans i Kulturrådet.
Kunstnarskapsstøtta blir behandla av dei faglege utvala for dans og teater i fellesskap. I tillegg til dei kunstfaglege vurderingane, er det eit mål at ordninga skal løfte fram både etablerte og nye kunstnarskap, og sikre sjangermangfald og geografisk spreiing.