Avvikling av tilskotsordningane for kreativ næring
Tilskuddsordningene for kulturell og kreativ næring, Næringsutvikling og Utviklingsprogram for kulturinstitusjonar, er frå og med 2023 avvikla. Det blir dermed ikkje høve til å søkja ordningane i mars og juni.
Sidan 2017 har over 200 prosjekt fått midlar gjennom ordninga Næringsutvikling, og 46 prosjekt har fått midlar gjennom ordninga Utviklingsprogram for kulturinstitusjonar sidan 2019.
- Prosjekt som allereie har fått tilskot og er aktive vil bli følgt opp på vanleg måte, påpeikar seniorrådgivar Magnus Aspli i Kulturdirektoratet.
I tillegg blir avslutta Kulturdirektoratets finansiering av entreprenørskapprogrammet Ovasjon, levert av Entreprenerdy. Over 600 kunst- og kulturentreprenørar over heile landet har gjennomført programmet sidan oppstart i 2019.
Kutt på totalt 25 millionar
Grunnen til avviklinga er kutt i statsbudsjettet på posten Kultur som næring hos Kulturdepartementet. Opphavleg stod posten med 45 millionar kroner, og ca 15 millionar var for ordningane hos Kulturdirektoratet og dei resterande 30 millionar låg hos Innovasjon Noreg.
Posten vart totalt kutta med 25 millionar, der 15 mill vart kutta hos Kulturdirektoratet og 10 mill vart kutta hos Innovasjon Noreg.
Her finn du alle tildelingar for ordninga Næringsutvikling
Her finn du alle tildelingar for ordninga Utviklingsprogram for kulturinstitusjoner