Rådsmøte
Møte i rådet for Norsk kulturfond.
25. - 26. september 2018 |
|
Mølleparken 2, Oslo |
|
Kulturrådet |
Rådsmøta blir haldne seks gonger i året. Her møtest medlemmane i Kulturrådet til faglege diskusjonar og gjennomgang av siste søknadsrunde. Rådet blir orientert om vedtak i fagutvala og ein gjer også enkeltvedtak i saker som utvala ønskjer at rådet skal drøfte. Dette kan vere saker som utvala meiner er av spesiell interesse for rådet, saker av prinsipiell karakter, saker som blir behandla over fleire utval eller saker der det er usemje i fagutvala.
Rådsmøta blir halde om lag tre månader etter hovudsøknadsfristane for Norsk kulturfond.
Møta er opne for presse og publikum. Sei gjerne i frå om du ønskjer å kome til: Mari Johansen
Referat og sakspapir til rådsmøte
Norsk kulturfond
Norsk kulturfond har til oppgåve å stimulere nyskapande kunst- og kulturaktivitet, og formidle kunst- og kulturverdiar til så mange som mogleg. Norsk kulturråd fordeler midlane ut frå fagleg og kunstnarleg skjøn i samsvar med formålet til Kulturfondet.
Privatpersonar, organisasjonar og ulike institusjonar kan søkje tilskot innanfor områda litteratur og tidsskrift, musikk, biletkunst og kunsthandverk, scenekunst, kulturvern, barne- og ungdomskultur, rom for kunst/kulturarenaer, tiltak med tverrfagleg innhald og andre tiltak som kjem inn under fondet sitt formål. Det blir lagt vekt på tiltak som medverkar til å realisere eit kulturelt og kunstnarleg mangfald.