Nye tilskot gjennom Fond for lyd og bilete
Don Martin si førestilling om identitet og klassekamp på Oslos austkant er blant dei 98 prosjekta som denne hausten får tilskot gjennom Fond for lyd og bilete.
Styret i Fond for lyd og bilete har vedtatt tilskot på til saman 6 075 000 kroner til 98 spennande kunst- og kulturprosjekt over heile landet. Til søknadsfristen i september fekk fondet 1 786 søknader.
Ein av tilskotsmottakarane er hiphop-veteranen Martin Ahzami Raknerud, betre kjent som Don Martin, og framsyninga hans «En gang Romsåsgutt alltid Romsåsgutt. En fortelling om fellesskap, utenforskap og prisen på Bugg». Framsyninga feirar det Spellemannpris-vinnande albumet til Don Martin «En gang Romsåsgutt alltid Romsåsgutt», og er tidlegare spelt på Det Andre Teatret. No skal stykket visast i tre ulike kulturhus langs T-banelinja gjennom Oslo aust der handlinga går føre seg.
Sjå alle vedtaka gjennom Fond for lyd og bilete hausten 2024
Gjenopptakelse av sceneforestillinger
Markedsføring av musikkutgivelser