Jon Eikemo
Norsk kulturråds ærespris for 2007 går til skodespelaren, revyartisten og litteraturformidlaren Jon Eikemo.
Tragedie eller komedie, barneteater eller modernistisk scenekunst, verdsklassikarar eller norsk folkekomedie - Jon Eikemo er ein av desse som har gjort teater til ei sak for folk flest.
- Fordi inga oppgåve har vore for stor eller for liten, har Eikemo lukkast i å få ut si kvalitetskunst til eit breitt publikum over heile landet. Han viser at det er mogleg å bruke sitt eige språk på scena, heiter det i Kulturrådets grunngjeving.
Eikemo har vore tilsett ved seks av dei fremste teaterscenene i landet; sidan 1978 ved Det Norske Teatret. I tillegg til mange roller på teaterscenene har han hatt eit utal sentrale roller i film, fjernsyn og på revyscener. I 1979 fekk han Spelemannsprisen for Jon Eikemo les Jakob Sande.
- Orda har stor plass i Jon Eikemo si formidling. Å formidle ordkunst slik Eikemo har gjort i snart femti år, er ein ærespris verdig, ikkje minst fordi han har gjort ordkunsten viktig for så mange. Han representerer heile breidda av kunstnarlege uttrykk i nynorsk scenekunst - frå Brecht til Sande, seier Kulturrådets leder, Vigdis Moe Skarstein.
Jon Eikemo utgjer eit uunnverleg bindeledd mellom generasjonar og miljø av scenekunstnarar, regissørar og teaterinstruktørar i norsk teater- og filmhistorie. Han har òg vore ein av brubyggjarane mellom institusjonsteater og den frittståande scenekunsten.