Hopp til innhold

Dialogmøte med kvenske og norskfinske kunst- og kulturaktørar

Kulturdirektoratet og Kulturrådet inviterer det kvenske og norskfinske kunst- og kulturfeltet til dialogmøte 30. og 31. mai i Vadsø. Formålet er å bli kjend med moglegheiter og utfordringar i feltet, og forstå korleis vi kan rigge oss slik at kvensk og norskfinsk kunst og kultur blir skapt, bevart og formidla til fleire.

30. - 31. mai 2024

Legg arrangementet i min kalender

Biblioteket i Vadsø

Kulturdirektoratet og Kulturrådet

 

Vi ønskjer kvenske og norskfinske kunstnarar og kulturaktørar, og andre som jobbar med eller er interesserte i kvensk og norskfinsk kunst og kultur, hjarteleg velkommen til å møte oss i Vadsø!

Kulturdirektoratet og Kulturrådet jobbar begge med å leggje til rette for eit levande og mangfaldig kunst- og kulturliv i Noreg gjennom tilskot til profesjonelle kunstnarar, arrangørar, utgivarar og ulike kulturverksemder over heile landet. Vi ønskjer å bli betre kjent med moglegheiter og utfordringar i det kvenske og norskfinske kunst- og kulturfeltet, og lære korleis tilskotsordningane våre kan bli relevante for fleire. 

Meld deg på her

Har du ikkje anledning til å delta fysisk? 

Du kan følgje det som skjer i plenum via Zoom. Huk av for digital deltaking i påmeldingsskjemaet så sender vi lenkje til møtet.

Program 30. mai: Dialogmøte med kunstnarar i det frie feltet

12:00: Kulturelt innslag.

12.15: Velkommen og informasjon om Kulturrådet ved rådsleiar Sigmund Løvåsen.

12:30: Panelsamtale: Utfordringar og moglegheiter i kvensk og norskfinsk kunst og kulturutvikling.

Deltakarar: 

  • Benedict Beldam, kunstnar og styremedlem i Kvenungdommen
  • Kristin Mellem, musikar
  • Knut Erik Jensen, filmskapar

Skodespelar Frank Jørstad leiar samtalen. 

13:30: Pause.

14:00: Rundebordsamtalar.

15:15: Takk for i dag.

Program 31. mai: Dialogmøte med kulturaktørar

9:00: Kulturelt innslag.

9:10: Velkommen og informasjon om Kulturdirektoratet ved Øystein Strand, avdelingsdirektør for kunstnarisk produksjon og formidling.

9:20: Drivkraft, grasrotarbeid og institusjonsbygging
Store delar kunst- og kulturfeltet, også det kvenske/norskfinske, er basert på frivilligheit. Her får vi høyre erfaringar og utfordringar med å organisere og finansiere frivillig arbeid frå:

  • Trygg Jakola, Ruija forlag
  • Tove Rappaana Reibo, Paaskiviikko og KvaaniAani 
  • Åsne Kummeneje Mellem, Kvensk Kunstnerforbund
     

10:10: Pause.

10.25: Drivkraft og det profesjonelle feltet
Her får vi høyre frå profesjonelle kulturaktørar som kan vere inspirasjon og pådrivar for utvikling av det kvenske og norskfinske kunst- og kulturfeltet:

  • Frank Jørstad, Kventeateret
  • Helga Pettersen, Finnmark Internasjonle Litteraturfestival
  • Ulla Stina Willand, Nordnorsk Jazzsenter

11.10: Lunsj.

11:45: Informasjon om Kulturdirektoratet, Kulturrådet, Fond for lyd og bilete og Statens kunstnarstipend.

13:00: Rundebordsamtalar.

14:15: Takk for i dag.